Eg, Knut Kvalsvik, inviterer til sju samlingar utover hausten. Eg kallar dei «bibelkveldar».
Kva skjer på bibelkveld?
På bibelkveldane samlast vi rundt bordet i kontorfløya i Solheim kyrkje. Vi tek oss gjerne litt kaffi/te på førehand. Så bed eg ei kort opningsbøn, og deretter les vi saman ein bibeltekst som vi vil sjå på den kvelden. Så har eg ei innleiing der eg legg fram nokre av mine tankar om teksten. Eg har på førehand lese i eit kommentarverk, og hentar ting derifrå (men det treng ikkje du å gjere). Så snakkar vi saman om det som måtte interessere, og du kan delta så mykje eller lite du vil. Til slutt ber vi gjerne litt saman igjen.
Vi er ein liten gjeng som har gjort dette i nokre semester no, det er nokre vanlege menneske som du kanskje kjenner. Vi har dukka ned i Matteus-evangeliet, og vi har sett på Paulus sine brev til galatarane og efesarane. Denne hausten startar vi på ny frisk, og vil ta føre oss Paulus sitt fyrste brev til sin unge medarbeidar Timoteus.
Fyrste Timoteusbrev
I dette brevet er situasjonen at Paulus og Timoteus hadde vore saman i byen Efesus. Dei sto oppe i ein del utfordringar, men Paulus hadde reist vidare, og overlete til Timoteus å handtere det som føregjekk der. No skriv Paulus eit brev, ein slags oppdrags-instruks, for å vegleie Timoteus om kva han skal gjere og korleis han skal gjere det.
Sentralt i problema i Efesus synest å ha stede ei vranglære. Vi får berre glimt av kva denne går ut på, men ho synest å gå igjen gjennom heile brevet. Timoteus vert formana til å hugse kva han har lært, til å fremje sunn lære, og til å vise frå seg dei som fær med falsk lære.
Brevet inneheld ein del ganske omdiskuterte ting, og vi vil ta føre oss både det omdiskuterte og det mindre omdiskuterte. Vi vil prøve å skjøne litt av kva som føregjekk i Efesus, noko Paulus seier lite om. Og vi vil snakke om ein del spørsmål rundt brevet, særleg vert det hevda at det slett ikkje er skrive av Paulus.
Samlingane
Vi tek sikte på å ha samlingar annakvar veke på tysdagskveldar, i håp om at det passar for flest muleg:
- Stad: Møteromet i kontorfløya i Solheim kyrkje, Hordagt. 28. Gå inn hovudinngangen til kyrkja, inn i kyrkjeromet, og gjennom døra til kontorfløya.
- Tid: Annankvar tysdag kl. 18:30–20:30. Vi avsluttar evt. før viss vi synest ferdige.
- Datoar: 5. september, 19. september, 3. oktober, 17. oktober, 31. oktober,
14. november, 28. november.
Ta med eigen bibel om du kan! Vi har også nokre i kyrkja. Det er også muleg å lese Bibelen på mobil.
Alle kan vere med. Du treng ikkje vere bibellærd. Velkomen!