Å vere faddar

Ein faddar tek på seg ei ansvarsfull oppgåve.

Å vere faddar

Faddarane skal vere vitne om at bornet er døypt med ein den kristne dåpen. Dei lovar òg å be for bornet og lære bornet å be. Dessuten skal faddarane hjelpe bornet til å bli kjent med bibelforteljingane og oppmuntra dei til å gå til nattverd.

Kvar born som vert døypt, skal ha minst to fadrar. Fadrane må ha fylt 15 år og vere medlemar av Den norske kyrkja, eller eit anna kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåpen. Foreldrene kan ikkje vere fadrar, men har del i den same oppgåva. Presten har ansvar for å se til at fadrane oppfyller desse krava. Fadrane vert ført inn i kyrkjeboka.

Det inneber ingen sivilrettsleg forplikting å vere faddar, som til dømes å skulle ta over omsutansvar for bornet om foreldra døyr. Dette er ein gamal tankegang som framleis har fotfeste mange stadar. Likefullt er det ikkje ein tanke utan eit opphav. For i dåpen tek fadrane på seg eit heilagt ansvar ved å love å gje omsut til bornet. For utan omsut, handlar faddaransvaret om å gje bornet trusopplæring.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"