Ungdomsarbeidet i Arna kyrkjelyd

Hovedbilde for tema

Om oss

Ungdomsarbeidet i Arna kyrkjelyd er ein møteplass for ungdom frå ungdomsskulealder og oppover. Vi ønskjer å skape trygge og inkluderande fellesskap der ungdom kan vere seg sjølve, få nye venner, delta på kjekke aktivitetar og utforske tru og livsspørsmål i sitt eige tempo.

Ungdomsarbeidet består hovudsakleg av UngTru og KRIK Arna.

UngTru er kyrkjelyden sin ungdomsklubb og samlast jamleg i Arna kyrkjelydshus. Her legg vi vekt på fellesskap, aktivitetar, konkurransar, spel, mat, andaktar og gode samtalar. UngTru er ein stad der alle er velkomne, uavhengig av bakgrunn, erfaring eller tru.

KRIK Arna er ein del av den landsdekkjande organisasjonen KRIK (Kristen Idrettskontakt). Kvar søndag samlast ungdom til ulike idretts- og aktivitetsbaserte treningar i Lonehallen. Gjennom leik, idrett og fellesskap ønskjer vi å skape ein arena der ungdom kan oppleve meistring, glede og samhald.

I løpet av året arrangerer vi også leirar, turneringar, temakveldar og andre aktivitetar. Målet vårt er å vere ein stad der ungdom kan finne fellesskap, bygge relasjonar og oppleve at dei høyrer til.

Hos oss er det plass til alle. Du treng ikkje vere medlem, kjenne nokon frå før eller vere aktiv i kyrkja for å vere med. Vi ønskjer å møte ungdom med openheit, respekt og omsorg, og vere eit fellesskap der kvar enkelt blir sett og verdsett.

 

Kom som du er – vi gler oss til å møte deg!

Ungdomsklubben UngTru

Datoer haust 2026 kl 19-23: 5.september, 26.september, 10.oktober, 31.oktober, 7.november, 21.november, 5-6.desember overnatting og julebord 19.desember*

 

På jakt etter eit godt fellesskap? Ein plass å henge med andre ungdommar? Ein stad der du kan vere deg sjølv og der trua di blir teken på alvor? Då er UngTru noko for deg!

 

Velkommen til UngTru

UngTru er ungdomsklubben i Arna kyrkjelyd og ein del av ungdomsarbeidet vårt. Her er det plass til deg, enten du trur mykje, lite eller berre er nysgjerrig. Vi ønskjer å vere ein trygg og inkluderande møteplass der ungdom kan vere seg sjølve, bli kjende med nye folk og vere ein del av eit godt fellesskap.

To laurdagar i månaden samlast vi i Arna kyrkjelydshus. Kvelden startar med ei samling i kyrkja med musikk, refleksjonar og tankar om tru og livet. Etterpå samlast vi på ungdomsrommet til mat, kiosk, aktivitetar, spel og sosialt.

Gjennom året har vi også temakveldar, turneringar, konkurransar, sumobryting, turar og andre kjekke aktivitetar. Ingen kveld er heilt lik, men målet er alltid det same: å skape ein stad der ungdom kan ha det kjekt, oppleve fellesskap og kjenne at dei høyrer til.

Du treng ikkje kjenne nokon frå før for å vere med – hos oss er alle velkomne!

 

 

KRIK Arna

Kanskje likar du å vere aktiv? Drive ballspel? Klatre? Fiske? Eller kanskje du berre likar best å vere i ro, men er veldig sosial eller er ein som kan fiksa ting? I KRIK er det plass for alle.

 

 

Velkomen til KRIK Arna!

KRIK står for KRisten IdrettsKontakt, og er ein aktivtet som kombinerer idrett, aktivitet, fellesskap og trua på Jesus. KRIK har treningar kvar søndag 18:30-20:00 i Lonehallen. Ein KRIK-trening innebærer ulike aktivitetar, som innebandy, handball, basket og andre leiker. Det er også ein pause med ei lita andakt eller ord for dagen. KRIK passar best for dei som er frå ungdomsskulealder og oppover.

TRYKK HER for å bli medlem i KRIK Arna. Velkomen til nye og gamle.

 

13-20 Samtaletilbod

Om 13–20 Bergen

Vi som jobbar i 13–20 Bergen har sosialfagleg og pedagogisk bakgrunn, med kompetanse på samtale og livsmeistring, førebygging og oppfølging. Vi har brei erfaring frå ulikt relasjonelt og psykososialt arbeid med ungdom.

All kontakt med 13–20 er frivillig og blir tilpassa det du ønskjer og har behov for. Du treng ikkje tilvising frå lege eller andre for å snakke med oss – du kan ta direkte kontakt sjølv.

Du treng heller ikkje samtykke frå foreldre eller føresette for å vere i kontakt med 13–20. Vi har teieplikt, og det er opp til deg kva informasjon du ønskjer at andre skal få vite om. Målet vårt er at du skal oppleve 13–20 som ein trygg stad å snakke om det som er viktig for deg.

Samtidig har vi meldeplikt. Det betyr at dersom vi får informasjon som gir grunn til å tru at du eller andre kan vere i fare for å bli skadde eller utsette for alvorlege forhold, har vi plikt til å melde frå. Dersom dette blir aktuelt, vil vi så langt det er mogleg informere deg om kva som skjer og kvifor.

13–20 er ein del av Den norske kyrkja sitt diakonale arbeid. Diakoni handlar om omsorg, nestekjærleik og respekt for kvar enkelt. Tilbodet vårt er ope for alle ungdomar, uavhengig av livssyn, kulturell bakgrunn, politiske meiningar, kjønn eller seksuell orientering.

I 13–20 ønskjer vi å vere medvandrarar for ungdom. For oss betyr det å gå ved sida av deg, i ditt tempo, og saman reflektere over val, utfordringar, moglegheiter og det som skjer i livet ditt.

I Bergen samarbeider vi med skular, helsesjukepleiarar, politi, Ung Arena, Barne- og familiehjelpa, Utekontakten, barnevernet, NAV, kyrkjelydar, kulturkontora, Forandringshuset og fleire andre aktørar. Vi samarbeider også med kommunale og statlege tenester, kjøpesenter og lokale kyrkjelydar for å kunne gi ungdom best mogleg støtte og oppfølging.

Du finn oss i Bergen sentrum, Arna og Ytre Arna, Loddefjord og Olsvik, og i Åsane. Vi har samtalerom på:

• Ungdomshuset Elvetun i Loddefjord (bak Vestkanten Storsenter)
• Kyrkjens Hus i Bergen sentrum (Marken 34)
Arna kyrkjekontor (Lakslia 21)
• Åsane kyrkjekontor (Åsane Senter 44)

Her tek vi imot ungdom til samtale. Vi kan også gå ein tur, møtast på kafé eller treffast der du går på skule. Du bestemmer kva som passar best for deg.


KONTAKTINFORMASJON / MEIR INFO

Vil du vere frivillig?

Vi treng alltid fleire frivillige i ungdomsarbeidet!

Som frivillig får du vere med på å skape trygge og gode møteplassar for ungdom. Oppgåvene blir tilpassa dine interesser og ønskje, og kan til dømes vere å hjelpe til på arrangement, vere vakt, bidra med aktivitetar, lage mat eller berre vere ein trygg vaksen i fellesskapet.

Du treng ikkje ha erfaring frå før – det viktigaste er at du ønskjer å bidra.

Som frivillig får du:
• Vere med på å gjere ein forskjell for ungdom
• Bli del av eit kjekt fellesskap
• Oppgåver tilpassa dine interesser
• Gratis kaffi ☕

Ta gjerne kontakt med ungdomsarbeidar Martin Bakke Slåttsveen for ein uforpliktande prat dersom dette høyrest spennande ut.

Vil du støtte ungdomsarbeidet i Arna?

Ungdomsarbeidet i Arna er i vekst. Dei siste åra har ungdom sjølve vore med på å bygge opp eit aktivt og inkluderande fellesskap gjennom UngTru, KRIK, leirar, undervisning, filmkveldar og andre aktivitetar.

For å kunne vidareutvikle arbeidet ønskjer vi å styrkje satsinga på ungdom. Som fast givar er du med på å skape trygge møteplassar der ungdom kan finne fellesskap, bygge relasjonar og utforske tru og livsspørsmål.

Gåvene dine bidreg mellom anna til:
• Innkjøp av utstyr og aktivitetar
• Matservering på samlingar
• Leirar og turar
• Drift og utvikling av ungdomsrommet
• Støtte til ungdom som treng økonomisk hjelp for å delta
• Vidare utvikling av ungdomsarbeidet i Arna

Kvar gåve, stor eller lita, er med på å gjere ein forskjell. Saman kan vi investere i ungdom og skape eit levande ungdomsarbeid for framtida.

Vil du vere med på laget?
Trykk her for å bidra

Kalender

Endringar kan førekome. Følg oss på sosiale medium for oppdatert informasjon.


Browseren din har feilaktig blitt gjenskjent som en bot utifra User-agent verdien = Mozilla/5.0 AppleWebKit/537.36 (KHTML, like Gecko; compatible; ClaudeBot/1.0; +claudebot@anthropic.com) . Vi hadde satt stor pris på om du kunne sende denne feilmeldingen til: skjeri@kirken.no slik at vi får fikset dette for deg og alle andre med samme browser

Kontakt