VELKOMEN SOM KONFIRMANT!
SLIK MELDER DU DEG PÅ
Påmeldinga opnar torsdag 28. mai kl. 10.00
Påmelding på nett vil vere open til fredag 26. juni kl 15.00
Du kan òg kome innom Arna kyrkjekontor og melde på om du synest det er ei enklare løysing for deg.
Du kan sjølvsagt melde på etter 26/6, men om du venter, kan det bli fullt på dei gruppa du helst ønskjer.
Påmeldinga skjer i to omgangar. Vi trur at det viktigaste for dykk er å få konfirmasjonsdato.
Derfor er det berre det du skal velje i det første skjema.
Dette må du ha klart til påmeldinga:
konfirmanten og føresette sitt namn, adresse, mobilnummer og epostadresse
konfirmanten sitt fødsels- og personnummer
Ønske om konfirmasjonsdato
Datoane er:
2. mai
8. mai
9. mai
Klikk på lenka under for å kome til påmeldingsskjema 1:
KONFIRMANTPÅMELDING
Det andre skjemaet er meir omfattande, så det kan du bruke litt lengre tid på.
Lenke til skjema 2 finn du til slutt i denne artikkelen.
INFORMASJONSMØTE
Onsdag 27/5 kl 1730-1900 er det informasjonsmøte i Arna kyrkje. Det er for både konfirmantar og føresette.
KONFIRMANTTID FOR ALLE
Alle som er døypt i Den norske kyrkje, er fødd i 2012 og som bur i Arna får brev med invitasjon til å vere konfirmant i Arna kyrkje.
I konfirmanttida vil du få nye opplevingar og kanskje nye venner!
Du får lære om Gud, bli betre kjend med den kristne trua og du får anledning til å tenke over kven du er og kva du står for.
I konfirmasjonshandlinga ber vi Gud om å velsigne og styrkje kvar enkelt konfirmant.
Kryss av i skjemaet dersom vi skal kontakte deg og snakke om kva ungdomen din treng.
Kanskje det ikkje passar med konfirmasjon i år? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss om
å få ny invitasjon neste år.
IKKJE DØYPT?
Konfirmasjonstida er for alle, men vi har berre adresse til dei som står i medlemsregisteret.
Er du ikkje døypt, men ynskjer å bli konfirmert, gjer vi avtale om tid for dåp.
SAMLINGAR
Konfirmanttida startar i september og avsluttast med konfirmasjon i mai.
Konfirmantane skal delta på gudstenester, aktivitetar, leir, basar og samlingar med alle og i mindre grupper.
Alt dette er obligatorisk.
Etter at den digitale påmeldinga lukker, fordeler vi konfirmantane i dei gruppene dei ønskjer.
Når det er klart, sender vi epost med plan for det som skjer framover.
LEIR
Mange opplever at leir er eit høgdepunkt i konfirmanttida.
Du kan velje mellom to leirtilbod:
Alternativ 1: Leir på Raknestunet på Osterøy, 8.-10. januar
Pris: kr 1800
Leiren er berre for Arna-konfirmantar.
Alternativ 2: konfACTION i Norheimsund, 27. februar til 2. mars.
Pris: kr 2800
Her møtast fleire hundre konfirmantar frå mange stader.
Sjå: krik.no/konfaction-vest.
PRIS
Konfirmantavgifta inkluderer m.a. Bibel, mat, innleigde gjestar og leir.
Du betaler inn kr 1800 eller kr 2800 alt etter kva leir du vil vere med på.
Det går fint å dele opp avgifta.
Om det er vanskeleg for dykk å betale, ta kontakt.
KOMMUNIKASJON
SPOND: vi nyttar i hovudsak Spond og epost for å gje meldingar til konfirmantar og føresette.
Du må laste ned Spond-appen og bli med i gruppa.
Då får de ei grei oversikt over kva som skal skje.

Skann QR-kode til gruppa som heter Arna Konfirmant 26-27
Gruppekode: RWLVB
GUDSTENESTER
Alle konfirmantane skal gå på minst 8 gudstenester.
Konfirmanten tek bilete saman med presten etter gudstenesta og sender det på melding på Spond for å få den registrert.
I Arna kyrkje er det gudsteneste kvar søndag kl.11.00 og ein onsdag i månaden kl.1830.
KONFIRMASJON
Det blir konfirmasjonar 2., 8. og 9. mai 2027.
Du vel dato i påmeldinga.
Klikk på lenka under for å kome til påmeldingsskjema 2:
KONFIRMANTPÅMELDING
Vi gler oss til å møte deg og håper vi får ei fin konfirmanttid saman.
Helsing konfirmant-teamet i Arna kyrkjelyd
v/ kateket Cathrine Snipsøyr
cs262@kirken.no
