Helsing til biskop Jan Otto Myrseth ved avslutningsgudstenesta i Tønsberg domkyrkje 18. oktober 2026
Det er ein milepæl i Tunsberg bispedømme og i Den norsk kyrkja når Jan Otto Myrseth avsluttar si teneste som biskop her, som den sjuande biskopen etter at dette vart eit eige bispedømme i 1948. Det er ein høgt akta og ein høgt elska kyrkjeleiar som no avsluttar arbeidsoppgåvene som biskop. Bispekollegaene og heile Den norske kyrkja takkar for ei rik teneste i kyrkja som prest, prost og biskop, der størstedelen har vore i dette bispedømmet. Eg fekk vere med alt frå då du vart vigsla til prest i Sykkylven i 1989. Du starta ditt prestearbeid «nedafør», som vi seier i Hallingdal, langs Drammenselva, og sidan sokneprest på Norderhov og prost på Ringerike i mange gode år, før du vart kalt tilbake frå Bergen til biskop i Tunsberg for 8 år sidan. Det er ei teneste som heile kyrkja vår, og fleire utanfor den, har vorte velsigna av.
Det er ei bispeteneste som har vore prega av glede. Og humor. Du formidlar ei ekte glede over livet i all sin fylde, gitt av Gud. Det er ei glede over menneska du har fått møte, og alt dei gir deg. Det er ei glede over djupnene og høgdene i vår tru. Det er ei glede over å kunne trenge djupare inn i den heilage Skrita, men også ei stadig djupare forståing av korleis vi kan formidle evangeliet og kjærleikens lov til verda. Det er ikkje ei overfladisk glede, men ei glede som har kome så mykje fram at den har smitta.
Det er ein åndeleg leiar i kyrkja vår som no går av. Det åndelege er både ei rolle og eit kall, som faktisk ligg i det gamle uttrykket «geistligheten», enten vi er statskyrkje eller fri folkekyrkje. Det har synlege uttrykk, former og bestemte oppgåver. Du har vist at det er eit åndeleg leiarskap som skal fyllast med ånd og liv. Det er ikkje noko som berre er for dei få innvidde eller ein åndeleg elite basert på innsikter eller meiningar. Det åndelege er noko som gjeld og som trengst i det livet vi alle lever. Det handlar om å halde fram dei beste verdiar, det som apostelen Paulus i Galatarbrevet kvalifiserer som Andens frukter: «Kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin.» (Gal 5, 22-23)
Dette trengst i leiarskap i kyrkja, men også i eit samfunn der vi skal leve saman med mangfald og ulike utfordringar. Då trengst det verdiar og nokon som viser kva dei er i praksis. «Verdigrunnlaget skal framleis vere den kristne og humanistiske arven vår.» Slik heiter det i paragraf 2 i Grunnlova. Dette er ord som skal fyllast med med innhald, i ord, i haldning og handling.
Når vi no feirar 800-årsminne for den heilage Frans, vert vi minna på viktige sider ved denne arven. Det gjeld ikkje minst vernet om menneskets verdi og vørnad, vårt ansvar for dei som er fattige og sjuke, vårt forhold til naturen. Alt dette handlar om å følge Jesu eksempel, og om åndelege frukter og verdiar.
Ditt leiarskap har opna opp kyrkja for mange. Det gjeld alle som treng eit nådens ord i rette tid. Det gjeld oss som trengte å sjå korleis vi som kyrkje kan gje nåden og kjærleiken vidare, både i ord og i ordningar.
Tunsberg har hatt ein biskop som har kjent bispedømmet godt, kyrkjelydane, medarbeidarane, kyrkjebygga, bygdene og byane, folk, natur, vegar, sykkelstiar og skiløyper. Ja, ikkje berre kjent det godt, men vist din kjærleik til alt saman. Du har vore der med glede i jubileer, vigslingar og visitasar. Bileta på facebook har formidla begeistringa både hjå deg og dei som står saman med deg.
Du har vore der når sorg og kriser har ramma lokalsamfunna, så som i Kongsberg og Torpo. I deg har dei mange møtt ein biskop som var nær dei som var råka, og støttande til medarbeidarar i kommunane og i kyrkja, med samtale, bøn og omsorg.
I Jan Otto Myrseth har vi alle møtt ein biskop som som særleg har opna opp for oss meininga med og gleda i gudstenestelivet, bibeltekstane, bønelivet, liturgien, salmane og alt slikt. Du har stadig arbeidd med dei store linjer i Den heilage Skrifta, slik dei også kjem fram i dei kyrkjelege tradisjonar. «Sjå mot aust, mot den oppstandne Kristus!» Det har du lært komande prestar.
Du veit også kor viktig detaljane kan vere, og det viser du både i dine førebuingar og di framferd. Det merkar vi særleg når du er liturg, og kan vise oss kor vakkert og sterkt det kan vere å bli delaktig i kyrkjas bøn og lovsong. Du har informert og inkludert. Ikkje minst slik har vi merka dine nådegåver og ditt kall.
Med ditt livslaup og di teneste kjenner du mange sider ved vårt land og kultur. Ikkje minst kjenner du det kyrkjelege landskapet godt. Det gjeld både innanfor vår kyrkje og i andre kyrkjer og arbeidslag. Med din åndelege teft og seriøse teologiske grunnhaldning har du fått og utvikla økumeniske relasjonar. For din del og dermed for heile kyrkja vår. Enten det er i kloster i Egypt, eller i Irak, med bønefellesskapet i Taizè, i karismatiske miljøer, eller i det vi må kunne kalle høgkyrkjelege anglikanske katedralar i London, eller mellom indremisjonsfolk på Sunnmøre og i Tunsberg.
Du har gjort eit særleg viktig arbeid i vårt LHBT-utval, og der vist kor viktig det er at kyrkja som felleskap er reelt ope og trygt for alle, uansett legning og orientering. Du har også tatt stilling til korleis Andens frukter kan utvide og utvikle vår tru og vårt fellesskap.
Apostelen Peter (1. Pet 2,5) talar om kyrkjas fellesskap som eit byggverk av «levande steinar». Hjørnesteinen som held alt saman er Kristus. Og alle steinar trengst. Biskop Jan Otto er ein av dei steinane som får oss til å betre forstå biletet, ja, det nesten umogelege i dette biletet: Levande steinar. Vi er mange som har lent oss inn til deg, varma seg på deg, og bygd vidare saman med deg. Du har vore både stødig og i endring.
Alt dette og meir til takkar vi Gud og deg for i dag. Vi ber om Guds velsigning over denne milepælen vi markerer i dag og den endringa den inneber for deg, og for Merete og heile familien din. Vi ber om mange gode dagar og år, og at du i alt skal få kjenne og formidle Andens glede og fred. Vi treng deg, som ein levande stein i Guds store og verdsvide kyrkje.
