Stavanger bispedømme søkjer sokneprest i 100 % stilling i Jæren prosti, med særskilt arbeidsområde i Bryne sokn.
Bryne sokn ligg i Time kommune og Time kyrkjelege fellesråd. Bryne kyrkje er frå 1979 og er rehabilitert dei siste åra. Kyrkja ligg vakkert til midt i sentrum av Bryne. Bryne er senteret i kommunen og regionen. Det er kollektivknutepunkt med jernbane og buss. Her er eit aktivt og driftig næringsliv og kulturliv, med landbruket som den viktigaste drivkrafta.
Vi søkjer ein sokneprest som har gode evner til relasjonsbygging. Soknepresten vil arbeida saman med stab og sokneråd om kyrkjelydsbygging og gudstenesteutvikling.
Bryne er ein spennande plass å vera prest der det er mogleg å vera med å forma Bryne kyrkjelyd sin visjon om å vera den opne famns kyrkje, ei kyrkje for gode relasjonar, som er raus i sitt mangfald og tydeleg i si retning. Hovudmålsetjinga for Bryne kyrkjelyd er eit gudstenesteliv som engasjerer mange, at barn og unge er glade i kyrkja og Jesus, og at kyrkja er til stades i byen og verda.
Bryne kyrkjelyd har 7540 medlemmer, som er 65,9% av folketalet i soknet. Det er forordna gudsteneste kvar sundag og i høgtidene, i tillegg kjem nokre ekstra gudstenester med den misjonale satsinga som kallast Familiefokus.
Bryne kyrkje er ein aktiv og stor kyrkjelyd med eit omfattande og variert gudstenesteliv, eit breitt barne- og familiearbeid, ungdomsarbeid, konfirmantarbeid, kor- og musikkliv, samt mange engasjerte frivillige. Her er svært gode samarbeidsforhold med stab, med kyrkjelyd, med skule, barnehage og lokalt foreiningsliv og kulturliv, samt dei andre kristne forsamlingane i Bryne. Bryne kyrkjelyd har arbeidd strategisk med kyrkjelydsutvikling over lang tid, og har ein omfattande strategiplan.
Soknepresten har kontor- og stabsfellesskap med prost, kyrkjeverje, og dei andre kyrkjeleg tilsette i Time kyrkjelege fellesråd. Kontoret ligg i Bryne sentrum. Soknepresten inngår i tenesteturnus med sokneprestane i Undheim og Time. Mange av dei kyrkjelege handlingane vert utførte i Time kyrkje. I Bryne stab består arbeidsfellesskapet i tillegg til soknepresten av dagleg leiar, diakon, kyrkjelydspedagog, organist, kateket, ungdomsarbeidar og kyrkjelydsutviklar. Arbeidsplassen legg vekt på open kommunikasjon og respekt mellom medarbeidarar. Arbeidet består både av sjølvstendig arbeid og samarbeid i team.