Praxedes Slettebø vigsla til diakon

– I dag seier du ja til kallet som diakon. Må omsorg og kreativitet få prega tenesta di i Time, i små og store samlingar, i forkynning og samtalar, sa biskopen då Praxedes Slettebø blei vigsla sist søndag.

Frå venstre: Lars Sigurd Tjelle, Anne Lise Ådnøy, Asbjørn Finnbakk, Praxedes Slettebø, Marit Høie Hetland, Leikny Åsen og Yngvar Nilsen.

Det var ein stor dag i Time kyrkje då diakonen i Time sokn og Undheim sokn blei vigsla.

– Gratulerer med dagen! Gratulerer med at du kom i mål med master i diakoni! Gratulerer med vegen du har gått og målet du har nådd, sa biskopen i si helsing til Praxedes Slettebø.

– Du vaks opp i Quezon City, nær Manilla. Maria-namnet fekk du for å gje eit signal om at familien din høyrer til i kyrkja.  Saman med Lars har du ein stor og flott familie. Då eg møtte deg, hekla du i tynt, kvitt garn brudekjole til Berly. Du er i stand til å gjennomføra store prosjekt, nøye og med stort tolmod.

Det fornamnet du bruker nå, Praxedes, tyder «Guds gjerning». Det Gud gjer og kan gjera gjennom ditt liv står sentralt når du fortel frå ei mangfaldig livs- og yrkeserfaring og krevjande dagar.

Gjennom alle oppgåver og jobbar du har hatt har du spurt om Guds råd og vegleiing. Livserfaring og det at du er fagleg trygg kan hjelpa deg i dei situasjonane som blir vanskelege. Aller viktigast er det at du fortset å gje deg sjølv og andre over til Guds kjærleik.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"