Luther med latter

Ryfylke Livsgnist, kjent for reiser i bedehusland og kyrkjehistoriske spel på Finnøy, reiser i 2017 rundt med førestillinga "Luther med latter": Eit skråblikk på 500 år i lutherske spor.

Luther med latter

- Førestillinga er eit historisk og humoristisk skråblikk på kva Lutherdommen har ført med seg gjennom 500 år i våre bygder og byar, fortel Tor Øyvind Skeiseid i Ryfylke Livsgnist.

- I beste lutherske ånd, blir det mykje humor. Ja, alt frå folk som sovnar under laaange preiker, konfirmantar som svimar av under overhøyring, ein gal teologiprofessor, pietisme, rasjonalisme, kollekturo, salmestrid, sørlendingar som stikk av med biskopen og fram til slitsam lovsong i dag, seier Skeiseid.

Førestillinga tar for seg 500 år på 90 minutt, der fire formidlarar spelar ulike roller, er historieforteljarar og musikar – og går ut og inn av dei ulike hendingane og hundreåra.

- Førestillinga er tufta på historiske fakta, humoristiske vinklingar og musikalsk truverd. Med å bruka mykje humor, vil også publikum følgja ekstra godt med og læra om kva Luther har hatt å seia for vår kyrkje-, kultur- og språkhistorie gjennom 500 år. Derfor blir «luther-kabareten» ei ålmenn førestilling, der du ikkje treng å vera verken Lutherkjennar eller i den inste kyrkjekrins for å få ei stor oppleving, meiner Skeiseid.

For å bestilla førestillinga, sjå heimesidene til Ryfylke Livsgnist.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"