Inviterer til pilegrimsvandring i Jesu fotspor

Sokneprest Arne Berge og kona Inger Bakke Berge arrangerer pilegrimsvandring i Israel 20.-27. mai.  - Eg syns bibeltekstane blir nye når eg les dei på stadane dei handlar om, seier soknepresten.

På veg opp mot Arbelfjellet, der det er flott utsikt over Gennesaretsjøen. (Foto: Arne Berge)

Turgruppa skal gå fire dagar til fots i Galilea, på «Jesus trail». Turen går frå Nasaret til Gennesaretsjøen. Det blir også eit opphald i Jerusalem med vandring på Oljeberget og i Gamlebyen.

 - Dette er ein flott tur for alle som liker friluftsliv og som er opptatt av bibelhistoria. Undervegs blir det mange møte med jødisk og arabisk kultur og historie, men først og fremst er dette ein tur prega av å gå i Jesu fotspor på viktige bibelhistoriske stadar. Jesus tok ikkje bussen mellom Nasaret og Gennesaretsjøen. Korfor skulle me gjera det? Det gir ei anna oppleving å gå til fots i eit landskap i forhold til å køyra buss, seier Berge, som er glad i å dele interessa si for bibelsk historie og geografi.
- Kva er "Jesus trail"?
- Jesus trail er ei merka pilegrimsrute frå Nasaret til Kapernaum. Jesus gjekk mykje i dette området. Jesus trail går gjennom småbyar, landbruksområde, skog, hei og fjell. Mange stadar går me på det me her i Norge ville kalla ein traktorveg, andre stadar på gode stigar. Terrenget er ikkje tungt.

Arne Berge har arrangert mange turar til Israel, og ser på det å vera turleiar i kristen samanheng som eit supplement til prestetenesta.  
- Eg syns Jerusalem er den mest spennande byen i verda! Eg gleder meg kvar gong eg reiser dit. Samtidig er det ei stor sorg at det jødiske og det palestinske folket hittil ikkje har funne nokon veg til fred, seier turleiaren.

Her er lenke til brosjyre og meir informasjon om turen: http://plussreiser.no/reiser/i-jesu-fotspor

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"