Bispevisitas i Hjelmeland

Frå 30. januar til 4. februar er det bispevisitas i Hjelmeland. Møter med tilsette, frivillige, råd og lokalsamfunn står på programmet for fungerande biskop Anne Lise Ådnøy.

Bispevisitas i Hjelmeland

Det har snart gått 10 år sidan det sist var visitas. I 2008 var det fungerande biskop Berit Andersen som hadde visitas i Søre Ryfylke prosti, altså Hjelmeland, Strand og Forsand. Denne gongen er heile visitasen i Årdal, Fister og Hjelmeland sokn, og det er fungerande biskop Anne Lise Ådnøy som kjem. Biskop Ivar Braut er for tida sjukemeldt. Anne Lise er godt kjent i Hjelmeland, og har spesielt sterk tilknytning til Fister.

Ein bispevisitas har fleire formål. Det er ei av biskopen sine viktigaste oppgåver å vitja sokna, kyrkjelydane, tilsette og frivillige for å oppmuntra, inspirera og gje innspel og nye utfordringar framover. For kyrkjelydane/ sokneråda er det fint å få treffa biskopen for å fortelja om arbeidet og utfordringane i sokna, og for dei tilsette er det også eit høve til å fortelja om arbeidet i den lokale kyrkja. Biskopen er vår tilsynsmann enten me jobbar som prestar eller har andre oppgåver i kyrakja.

Ein bispevisitas er ofte ganske hektisk. Det er mykje program som skal gjennomførast, m.a. soknerådsmøter i alle sokna, møte med fellesrådet, møte med kvar enkelt tilsett, bedriftsbesøk, møte med kommuneleiinga, ein konfirmanttime, og fleire andre møte og samlingar. Det heile vert avslutta med visitasgudsteneste og visitasforedrag i Hjelmeland kyrkje søndag 4. februar. Då er alle hjarteleg velkomne.

PROGRAM for visitasen.

Tekst: www.hjelmeland.kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"