Møre bispedømeråd er valt for perioden 2020 - 2024. Bispedømerådet skal bidra til å vekkje og nære kristeleg liv i kyrkjelydane. Rådet skal: - Fremje samarbeid mellom sokneråda og andre arbeidsgrupper i bispedømet - Fordele tilskot til stillingar i undervisning og diakoni - Tilsette prestar - Gjere forvaltingsmessige vedtak med heimel i kyrkjelova og gravferdslova.
Det nye bispedømerådet 2020 - 2024: Bak frå v.: Frode Rabbevåg, Olav Myklebust, Ole Martin Grevstad, Arne Moltubak, Rikke Elisabeth Grevstad Kopperstad, Olav Rønneberg. Framme frå v.: Ingeborg Midttømme, Ann-Kristin Sørvik, Monika Tettli, Therese Kristin Utgård.
Å gjere menneske til Jesu læresveinar med di vi døyper dei til namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande, og lærer dei å halde alt det som Jesus har bode oss.
Den norske kyrkja i Møre skal vere ei vedkjennande, misjonerande, tenande og open folkekyrkje.
Vi vil særleg leggje vekt på at kyrkjelydane med tilsette og tillitsvalde vert sette i stand til
- å gjere gudstenesta til samlingsstad for heile kyrkjelyden - å byggje fellesskap prega av kristen omsorg og nestekjærleik - å styrkje misjonsengasjementet i kyrkjelydane - å betre dåpsopplæringa i heim og kyrkje
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.
Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:
Se instruksjoner for din nettlester under:
Internet explorer
Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"
Chrome
Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista
Firefox
Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert