Fakta om Møre bispedøme

Møre bispedøme har samme grenser som Møre og Romsdal fylke.

MEDLEMMER:

I Møre og Romsdal er det om lag 268 000 innbyggarar. Av desse er omlag 200 000 medlemmer i Den norske kyrkja. Det gjev ein medlemsprosent på kring 75 %.


INNDELING:
Bispedømet er delt opp i 6 prosti og 95 sokn.


STILLINGAR:
Bispedømerådet er arbeidsgjevar for omlag 75 faste prestestillingar, - prostar, sokneprestar, kapellanar og prostiprestar. Bispedømerådet er òg arbeidsgjevar for dei tilsette ved bispedømekontoret. Her er det per februar 2024 15 personar.


FELLESRÅD:
Det er 26 kyrkjelege fellesråd i bispedømet, med eit par unntak følgjer desse dei nye kommunegrensene frå 2020. Alle fellesråd har ein dagleg leiar for verksemda si, kyrkjeverjen. Fellesråda er arbeidsgjevarar for organistar, kyrkjetenarar, klokkarar, kyrkjegardsarbeidarar, kontortilsette, diakonar, kateketar mv.


KYRKJER:
I bispedømet er det i underkant av 120 kyrkjer. Av desse er 9 freda middelalderkyrkjer (oppført før 1650), 22 kyrkjer er bygde i perioden 1650 – 1850. Dei andre kyrkjene er frå 1850 og framover. Frå Møre bispedøme vart oppretta i 1983 er det vigsla 9 nye kyrkjer.


Tal frå statistikken for 2022:

  • 201 460 av innbyggarane i Møre er medlemmer i Den norske kyrkja
  • 1 866 vart døypte
  • 399 par vart kyrkjeleg vigde
  • 2 216 vart gravlagde
  • 2 381 vart konfirmerte
  • 3 443 gudstenester (sum for sundagar, helgedagar og andre dagar)
  • 273 891 deltok på desse gudstenestene
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"