Gudstenestereforma i Bjørgvin - Evaluering

Alle kyrkjelydane i Bjørgvin har fått godkjent lokal grunnordning til 1. sundag i advent 2014. Hausten 2014 må ein difor evaluera den ordninga ein har fått.

Etter ei tid med mykje utprøving og med gudstenester som varierar frå sundag til sundag er det i denne runden viktig at kyrkjelydane landar på kva som skal vera normalalternativet for dei ledd der ein har fleire alternativ i grunnordninga. På den måten blir gudstenesta stadeigen ved at kyrkjelyden kjenner seg igjen.

Ny godkjenning i Bjørgvin. Fordi kyrkjerådet kjem med ei nasjonal evaluering våren 2015 som går til alle sokneråda er det naturleg at ein også tar den lokale då. Difor vert fristen til å senda inn ny lokal grunnordning 1. april 2015. Då får ein tid til å ha oppe endringar som sak på kyrkjelyden sitt ordinære årsmøte og treng ikkje noko eige soknemøte.

Enklare prosedyre. For at det skal blir lettare å skriva ei lokal grunnordning vil det verta sendt ut eit elektronisk dokument (Questback) der ein fyller inn alternativa. I tillegg må ein laga ein fullt utskriven agenda for normalalternativet for hovudgudstenesta slik at ein vikar kan ha gudsteneste etter den agendaen. Døme, sjå lenkjer. 

Liturgisk musikk. Mange har prøvd ut dei ulike variantane av liturgisk musikk og har gjort seg erfaringar om kva som fungerar og kva som ikkje fungerar betre enn den tradisjonelle frå 1977-liturgien. Ein er ikkje bunden av dei val ein har fått godkjent, men kan gjera om etter ei evaluering lokalt.

Det er òg viktig at ein tenkjer over det som er gjenkjenneleg og det som ein har felles med dei det er naturleg å ha fellesgudsteneste saman med.

Kyrkjerådet har laga eit rundskriv om den liturgiske musikken der dei rår til at ein er varsam med for mange ulike variantar; sjå eige vedlegg.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"