Bispedømerådet ønskjer Ungkyrkja i Bjørgvin

Bjørgvin bispedømeråd var samla til møte 19. november. På saklista stod bl.a. ei sak om "Ungkyrkja" i Bjørgvin, fleire høyringar og budsjett.

Publisert:

Bispedømerådsleiar Oddny Miljeteig og ungdomsrådsleiar Jannike Johannessen var samde om at det blir arbeidd med å oppretta Ungkyrkja i Bjørgvin.
Bispedømerådsleiar Oddny Miljeteig og ungdomsrådsleiar Jannike Johannessen var samde om at det blir arbeidd med å oppretta Ungkyrkja i Bjørgvin.

Bispedømerådet hadde i dette møtet besøk av leiar for ungdomsrådet i Bjørgvin,   Jannike Johannessen, då dei hadde oppe ei sak om ein resolusjon frå Ungdomstinget om å oppretta "Ungkyrkja". 

Ungkyrkja skal vere ei «paraply » for all verksemd for unge i Den norske kyrkja og kyrkja sine samarbeidparnarar i bispedømet. Føremålet er å skapa tilhøyrsle til kyrkja blant dei unge, og halde fram det gode samspelet Den norske kyrkja har med dei ulike organisasjonane.

Bispedømerådet støttar intensjonen i resolusjonen om å oppretta Ungkyrkja i Bjørgvin og ber stiftsdirektør i samråd med ungdomsrådet, arbeide med utforming og lansering.

Budsjett

Bjørgvin bispedømeråd vedtek følgjande føringar for strategiske satsingar.

  1. Ungdomsarbeid og Unge vaksne arbeid skal prioriterast og vidareførast i tråd med dei tiltaka ein driv og vil drive vidare.
  2. Bjørgvin bispedømeråd vil oppretthalde sin intensjon om å tenke strategisk rundt tilskotsmidlane, med å bruke 2 prosent til strategiske satsingar og 1 prosent til kompetansetiltak.

Bjørgvin bispedømeråd godkjenner førebels budsjett og vil kome med endeleg budsjett i januar 2026.

Høyringar

Svar på fleire høyringar frå kyrkjerådet vart lagt fram til godkjenning i møtet. Det ligg lenke til kvart høyringssvar nedst på denne sida.

  • Kyrkjevalreglane 2027
    Det blir laga nytt regelverk til kyrkjevalet i 2027. Sjå lenke til Bjørgvin bispedømeråd sitt høyringssvar nedst på sida.
  • Samisk kyrkjeliv
    - Framlegg til vedtekter om samisk kyrkjeliv i kyrkjeordninga
    - Opprette pite- og lulesamisk kategorialkyrkjelyd

Digitaliseringsutval

Bjørgvin bispedømmeråd gi sin tilslutning til det foreslåtte regelverket om Den norske kirkes digitaliseringsutvalg og utvalg for informasjonssikkerhet og personvern.

Endring av vedtekter Stiftinga Sesam 2025

Bjørgvin bispedømeråd har uttalt seg om endringar i vedtektene for stiftinga Sesam, som bispedømeådet var opphaveleg stiftar av. Bispedømerådet hadde ingen merknader til forslaget om endringar i stiftinga sine vedtekter.

Oppnemningar 

Oppnemning av styremedlemer Kirkens Familierådgivningskontor Bjørgvin

Bjørgvin bispedømmeråd oppnemner som styremedlemmer for fire år fra 1.1.2026

  • Anne Christine Johannessen (styremedlem). Jørund Langørgen (varamedlem)
  • Eiel Holten (styremedlem). Morten Lystrup (varamedlem)

Oppnemning styremedlemmer til representantskapet i Kirkens Bymisjon.

Bjørgvin bispedømeråd oppnemner medlem og varamedlem til representantskapet i Kirkens Bymisjon for 2 år  Karl Dag Bærug og Oddny Miljeteig.

Sak om oppfordring til offer også til Den evangelisk-lutherske kyrkja i Jordan og Det heilage landet (ELKJHL), då som eit tillegg til oppfordringa til offer til vennskapsbispedømet på Cuba, vart utsett.

Sakliste

39/25 Godkjenning av innkalling og saksliste
40/25 Godkjenning av protokoll Bjørgvin bispedømeråd 05.09.2025
41/25 Oppnevning av styremedlemmer Kirkens Familierådgivningskontor Bjørgvin
42/25 Høyring kyrkjevalreglane 2027
43/25  Høyringssvar frå Bjørgvin bispedømeråd om framlegg til bestemmelsar om samisk kyrkjeliv i kyrkjeordninga
44/25 Høyringssvar frå Bjørgvin bispedømeråd om oppretting av pite- og lulesamisk kategorialkyrkjelyd
45/25 Endring av vedtekter Stiftinga Sesam 2025
46/25 Høring - regler om Den norske kirkes digitaliseringsutvalg og utvalg for informasjonssikkerhet og personvern (sikkerhetsutvalget)
47/25 Oppnemning styremedlemmer til representantskapet i Kirkens Bymisjon.
48/25 Bjørgvin bispedømeråd - oppfordring til offer til vennskapsbispedømmet på Cuba og til Den evangelisk-lutherske kirke i Jordan og Det hellige land (ELKJHL)
49/25 Bjørgvin bispedømeråd -  føringar for strategiske satsingar i budsjettet
50/25 Bjørgvin bispedømeråd - Førebels Budsjett 2026
51/25 Bjørgvin bispedømeråd - Oppfølging av saker frå  Ungdomstinget
52/25 Tilsetting til orientering

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"