Skogsleiren fekk diakonipris

Ei fullsett Moland kyrkje gledde seg over tildelinga av årets Diakonipris for Vest- Telemark, i år for 26.gong. Denne gongen gjekk prisen til fengselsavdelinga Skogsleiren i Fyresdal.

Prisen var delt ut av styreleiar i Diakonatet Oscar Garnes, og vart teke imot av Kjetil Jensen og Torleiv Hvistendal.

DET ER MENNESKET SOM ER VERDIEN
 
Jesus nemner i Matteus 25 seks diakonale gjerningar me alle blir utfordra til. Mellom dei er å besøke folk i fengsel. Det har kyrkjelyden i Fyresdal gjort i 35 år. 

Stadig har det kome kaker og vitjingar til leiren frå bygda. Men dette går også andre vegen. Sist sommar var det ein stor leiteaksjon i Fyresdal. Då sendte leiren ei kringle til Raude Kross og Kriseteam.
 
For halvanna  år sidan var det to innsette som ville gje noko tilbake til Fyresdal, som takk for god soning. Slik vart Moland kyrkje vaska ned.
 
Det fins mange slike døme på at leiren er ein viktig institusjon i Fyresdal. Som kyrkje har me i alle år kunne glede oss over å sjå innsette i kyrkja. 
 
Skogsleiren ein god stad for innsette, der dei får sosial trening , lærer  arbeidsteknikkar og møter gode tilsette. Godt skolerte tilsette med eit sterkt ønske om å hjelpe folk vidare i livet.
 
Det er mennesket som er den store verdien. Det er menneske me er sett til hjelpe fram, slik dei gjer i Skogsleiren.
 
Det er dette det handlar om. At folk kjenner at dei er verdifulle.  Sonar , gjer seg ferdig med straffa og  kjem seg vidare med livet. 
 
Diakoniprisen for 2019 går til  tilsette og innsette i Arendal fengsel, avdeling Kleivgrend
 
Dei deler denne prisen fordi  dei saman skaper eit unikt og verdfullt soningstilbod med mennesket i sentrum.

Tidlegare Diakoniprisvinnarar
1994: Gotfred Rekkebo (post mortem), Nissedal
1995: Vest-Telemark Blad, Kviteseid
1996: Kirkens SOS i Telemark,
1997: Nattcaféen i Treungen, Nissedal
1998: Anna Midtgård, Kviteseid
1999: Kari Veum, Nissedal
2000: Bjørn Hove, Møsstrond, Vinje
2001: Kirsti og Magne Skjæveland, Kviteseid
2002: Diakonitenesta for skogsleiren i Fyresdal, Fyresdal
2003: KFUM-speidarane i Vinje og Edland, Vinje
2004: Waldenstrøm Kafe, Kviteseid
2005: Oddvar Ripegutu, Søgne
2006: Arthur Haugen, Tokke
2007; ”Ungdom hjelper ungdom.” Kvitsund-prosjekt som driv ungdomsklubbar i Vest-Telemark, Kviteseid
2008: Leif og Signe Sølyst, Fyresdal
2009: Tusen Stjerner, Tokke
2010 Else Ibrekk, Kviteseid
2011 Martha Tveit, Nissedal
2012 Gunstein Seltveit, Tokke  
2013. Kari Bjåen, Vinje
2014 Bønefelleskapet i Rauland, Vinje
2015 Kjell Lindheim, Kviteseid
2016 Gudny Lid Unhjem, Vinje
2017 Inger Johanne Aaheim, Nissedal
2018 Kakeringen, Vinje

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"