Ein heilt vanleg fødsel?

Ei forteljing om ei ung kvinne og hennar første fødsel er utgangspunktet for at svært mange menneske snart skal feire jul. Det er ei forteljing som grip oss.

Publisert:

Ein heilt vanleg fødsel?

«Jeg skulle gjerne sett ansiktet på mannen – møtt ham som skrev dette. Beretningen om Jesu fødsel er det vakreste som er skrevet. Det er det tetteste, knappeste, og det vakreste,» sa den verdskjende svenske forfattaren Pär Lagerkvist i ein samtale med Jakob Weidemann ein sein nattetime i Roma. Så legg 
han til: «Tenk om det er sant!»

Kvifor grip ho oss? Ein fødsel er ikkje så veldig spesielt. Alle er jo fødde ein gong. Han som skreiv dette, Lukas, var oppteken av at dette ikkje var noko han fann på, men noko som faktisk hadde skjedd i vår historie. Tidspunktet blir oppgjeve: Då keisaren heitte Augustus, og alle innbyggjarane måtte skrive seg inn i manntalet. Staden blir oppgjeve: Betlehem, og også namna på foreldra: Maria og Josef. På den måten er dette ei sann historisk forteljing.

Samtidig ligg det noko meir i denne forteljinga enn ein vanleg fødsel. Dei som skreiv om Jesus, var opptekne av kvar Han kom frå og kven Han er. Svaret dei gir er: Guds eigen Son. Juleevangeliet er forteljinga om korleis Han som var til før 
tida, går inn i vår tid og blir som ein av oss. Han som hadde skapt alt og som alltid er større enn vi kan forstå, gjer seg så liten at vi kan sjå korleis Gud er.

Ole Paus skildrar korleis Jesus er:

«Hvem vil ta meg inn til seg,
Når det blir kaldt?
Hvem vil si: Du er av meg
Jeg elsker din sjel gjennom alt.
Hvem orker å se meg som den jeg er
Og elske meg som en sønn?»

«Jeg skulle gjerne sett ansiktet på mannen – møtt ham som skrev dette,» sa Pär Lagerkvist. Det går ikkje, for Lukas er død. Men vi kan møte Han som vart fødd, Jesus Kristus. Han som ikkje har gløymt oss, men alltid kjem til oss. I dåpen vart vi 
døypte til han. I nattverden tek vi imot han. Når vi bed, er han der, og når vi les i Bibelen kan vi sjå korleis Jesus er.

Velsigna advent og juletid.

Stein Reinertsen
Biskop i Agder og Telemark

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"