Diakonipris for 30 års innsats

Diakoniprisen for Vest-Telemark for 2017 er tildelt Inger Johanne Aaheim frå Nissedal. I 30 år har ho lagt ned eit stort arbeid med barn og unge.

Inger Johanne Aaheim saman med styreleiar i Diakonatet, Oscar J. Garnes.

I Nissedal  kommune er det no 1476 menneske, konfirmantane er få, men likevel har dei samla inn 400 000  kroner til Kirkens Nødhjelp sidan 1998. Årets aksjon gav 25 000 til Kirkens Nødhjelp.

Ein viktig grunn til desse gode resultata er måten aksjonen vert organisert på. Denne organiseringa står INGER JOHANNE AAHEIM (66) på Fjone i Nissedal for.

I over tretti år har Inger Johanne trufast – i samarbeid med ulike prestar og varierande konfirmantflokkar – organisert  den årlege Fasteaksjonen.

Ved sida av sitt engasjement for Kirkens Nødhjelp har ho vore i Diakoniutvalet, Yngres på Fjone i 30 år soknerådet og sundagskule, både lokalt og regionalt.

Sundag kveld fekk Inger Johanne Aaheim overrekt Diakoniprisen for Vest- Telemark  av styreleiar i Diakonatet, Oscar J. Garnes, under ei samling i Nissedal kyrkje .

Denne prisen er delt ut sidan 1994 og går til folk som på særleg vis har arbeid etter den definisjon av som seier at « diakoni er evangeliet i handling».

Av Eilev Erikstein og Olav Jakob Tveit (foto)

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"