Biskopen vitja flyktningemottaket i Vrådal

-Ventetida for asylantane er ei utfordring. Dei anar ikkje når dei skal vidare og kor dei skal. Då kan tida falle lang for dei, sa mottaksleiar Toralf Møller Hansen då biskopen vitja flyktningemottaket i Vrådal denne veka.

Biskop Stein Reinertsen, saman med prostidiakon Eilev Erikstein og mottaksleiar Toralf Møller Hansen (t.v.)

Vitjinga på transittmottaket skjedde  under Inspirasjonsdagar for tilsette i kyrkja på Straand Hotel i Vrådal. Biskop Stein Reinertsen har sjølv erfaring med flyktningearbeid, mellom anna då han var sokneprest i Farsund.

Mottaksleiar Toralf Møller Hansen peika på dei problema som oppstår når asylantar blir buande på transittmottaket i lengre tid enn mottaket er meint for. I Vrådal var planen at asylantane skulle bu i ei vekes tid. No har dei 190 asylantane i Vrådal alt vore der i tre veker. Dei har blant anna ikkje motteke dagpengar slik at dei kan handle dei mest naudsynte tinga.

Eit anna problem er at transittmottak ikkje gjev undervisning og ikkje har høve til å etablere tilbod til borna - sjølv om asylantane vert buande der i mange veker.

-Men vi er godt nøgde med at lokale foreiningar, kyrkja og enkeltmenneske har teke kontakt og samla inn klede, gått tur med asylantane og gjeve norskundervisning til dei, seier Toralf Møller Hansen.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"