Trond Klaape skriv:
Sundag 22. oktober i 1978 vart tre barn bore fram til døypefonten i Svatsum kyrkje. Eitt av dei fekk namnet Trond Paulsrud (foreldra mine tok ikkje gardsnamnet Klaape til etternamn før oppunder jul i 1978). Mor har Ringen til mellomnamn. Det andre dåpsbarnet fekk Ringen til etternamn og det tredje barnet Paulsrud. Det er ikkje vanskeleg å leve seg inn i situasjonen til sokneprest Nils Hauge, som attpåtil nærma seg pensjonsalderen med raske steg. Da foreldre og fadrar skulle reise seg, vende han augo mot onkelen min med følgjande ord: «Du må reise deg; du er jo far til barnet!».
Historia er eit muntert minne som stundom blir trekt fram i familien vår. Naturleg nok hugsar eg ingenting frå denne dagen. Likevel er han viktig for meg. Det var her det heile starta. Eg vart innlemma i den lokale kyrkjelyden og den verdsvide kyrkja. Eg fekk trua i gåve. Snart skulle Anne-Lise og Christian Brodtkorb spele ei viktig rolle for at eg fann meg til rette i kyrkja. Min barndoms sokneprestar hadde evna til å sjå og famne menneske i alle aldrar. Når vi gjekk til gudsteneste opplevde eg å bli sett og rekna med. Kyrkja si tru, og den rike tradisjonen ho representerer, vart formidla på ein måte som gav meining og tilhøyrsle for ein liten gut. Sett i ettertid kjende eg meg som deltakar, og ikkje tilskodar, til det som vart formidla i kyrkjerommet og gudstenesta.
At eg no skal vigslast til presteneste i Den norske kyrkja sundag 20. september, med barndomskyrkja som ramme kring den store høgtidsdagen og prestane Brodtkorb til stades, kjennest som eit lite under. Omstenda ville det slik at fleire år med studium i pedagogikk og diakoni enda i ein mastergrad i teologi og eit nyleg avslutta praktikumshalvår ved MF vitenskapelig høyskole. Om det ikkje hadde vore for ein medfødd feil på to mellomvirvelskiver i nakken, trur eg neppe eg hadde teke steget heilt ut. Eg treivst godt som gardbrukar i kombinasjon med deltidsstilling som kyrkjelydspedagog og ymse frilansoppdrag. I 2022, før den siste av to store nakkeoperasjonar, innsåg eg at tida for tunge løft og dagleg fysisk arbeid var i ferd med å renne ut. Ein tydeleg fastlege, og ein telefon frå daverande prost Tor Even Fougner, gav meg det naudsynte sparket til å tenkje annleis. Eg sa ja til å prøve meg som prestevikar og søkte få månader seinare opptak på teologistudiet. Heldigvis fann vi ei løysing som gjer det mogleg å halde fram gardsdrifta på Klåpe, med ein kombinasjon av familiedugnad i høgsesongane og innleigd hjelp store delar av året. I skrivande stund har vi levert dei fyrste kopplamma til slakt. Dei som kjenner meg veit kor avgjerande det er for trivsel og helse at garden kan utviklast og drivast vidare. Eg gler meg over dei praktiske oppgåvene eg kan handtere, og har arbeidd meg gjennom sorga over tapet av dei fysiske kreftene eg ein gong hadde.
Truleg er eg den fyrste soknepresten i Vestre Gausdal, Aulstad og Svatsum, som har fullført teologistudiet ved å innlemme vår eigen lokalhelgen Vis-Knut i utdanninga. Vegleiaren på masteravhandlinga fatta interesse da eg lanserte ideen om å gjere eit granskararbeid av litteraturen sine framstillingar av den kjende lekpredikanten, sjåaren og lækjaren frå Øvre Svatsum. Han som kalla seg «… ein framand gjest millom menneskjom», har interessert meg så lengje eg kan hugse. Sjølv om eg er langt mindre enn halvparten så from som Vis-Knut, og er fødd 186 år seinare, kjenner eg på ei form for slektskap og fellesskap med han. Vi har vokse opp i same grannelag, er tett knytte til jorda, naturen og dyra, og glad i menneska vi har kring oss. Evangeliet om Jesus Kristus, han som møtte menneske med vørdnad og respekt og laga ein større himmel over livet vårt, er ein viktig del av grunnfjellet og forankringa hjå både Vis-Knut og meg.
9. juni 1818 fall han om på golvet i Svatsum kyrkje og sov i to timar til ende. Da han vakna igjen kom ei rekkje vers til øyra hans. Slik han forstod versa var dei påbod frå Gud, som han måtte bringe vidare til så mange som mogleg. Det sjuande verset fortona seg ifølgje vitneflokken slik:

Ved inngangen til prestetenesta har eg ingen planar om verken store omveltingar eller eit lokalt kyrkjeleg reformprogram. I min embetsteologi er presten ein tenar som seier ja til ei teneste han ikkje sjølv kan stå i, utan å lodde djupna i Guds store kjærleik og nåde. Skal kyrkja framleis vere ein stad der vi kan hente næring til liva våre, må vi saman stille spørsmålet om korleis ho framleis kan vere relevant i eit multireligiøst Noreg med stadig aukande sekularisering. Kan hende er kampen mot spenningane og dei destruktive kreftene, i oss sjølve og mellom kvarandre, noko av min motivasjon for å gå inn i tenesta? Som ein medvandrar i glede og sorg. Der vi saman utforskar korleis vår lokale historie og eigenart kan møte evangeliet om Han, som braut dødens lenkjer, og peika på ein større horisont bortom tid og æve.
Vi ønsker Trond Klaape lykke til med vigslingsdagen og prestetenesta.
Vis-Knut. Foto: Privat

