Nyheitsbrev oktober 2023

Månadens rose går til ein kyrkjelyd med populær aktivitet. Biskopen er klar for sin fyrste visitas. Be folk til jul i kyrkja allereie nå, og fortel korleis du har det på jobb.

Det vart starta som eit tilbod for ungdom, nå samlar dei unge frå 10 - 90 år! Foto: Vestre Slidre kyrkjelege fellesråd.

Til alle kyrkjelege tilsette i Hamar bispedømme!

Dagane blir mørkare, i verda er det krig og uro og vi lir med dei som kvar dag må leve i redsle og usikkerheit. 

Vi håpar nyheitsbreva kan gi eit lyft i kvardagen. Du finn dei på denne nettsida.

 TREFTE BLINK MED AKTIVITETEN

 - Hadde ikkje trudd det skulle treffe så breitt, seier initiativtakaren.

Trusopplærar Geir Kongslien snakker om eit tilbod som vart starta for ungdom, men nå samlar unge frå 10 - 90 år.

Meir om dette etter kvart.

 xxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxx

KLAR FOR SIN FYRSTE VISITAS

Andre veka i november skal biskop Ole Kristian Bonden på sin fyrste visitas.

Det er Tolga i Nord-Østerdal prosti som får biskopen på besøk.


- «Jeg gleder meg til å møte mennesker lokalt, og bli bedre kjent med steder, og arbeidet som skjer der», seier biskopen.  Foto: Lars Martin Bøe

På Tolga har kyrkjeverje og sokneprest saman med kommunen og dei folkevalde sett i hop eit rikhaldig og program med motto: «Kirka – Rom for Livet»

-«Det peker på ei kirke som er der for oss gjennom hele livet, både i glede og sorg», seier kyrkjeverje Elisabeth Saanum, og sokneprest Reidun Woie Kleveland supplerar; «- og så peker det hen mot Gud som er selve Livet.» 

Her er programmet for visitasen

 

xxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxx

 

GLADE JUL

Vi er i oktober, men det er nå folk planlegg korleis dei vil feire jul.

Dersom vi vil at kyrkja skal vere ein del av familiekabalen må vi vere på banen nå!

Sørg for at nettsida er oppdatert med tilbod frå dykk både når det gjeld gudstenester og samlingar elles for folk som treng fellesskap desse dagane.

Pass på at alt ligg inne på skjerikyrkja.no innan 10. november!

Det blir landingsstaden når kampanjane frå kyrkjerådet startar!

xxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxx

FÅ DET BETRE PÅ JOBB

I midten av november ber vi om attendemelding på korleis du har det på arbeid.

Målet er å styrke samarbeidet og lyfte arbeidsmiljøet.

Det er viktig at du svarer på undersøkinga når den sendast ut.

Lat stemma di høyrest!

xxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxx

 

MÅNADENS ROSE

Går til kyrkja i Vestre Slidre der trus-opplærar Geir Kongslien såg at ungdommen i bygda trong ein møteplass der dei kunne drive med noko.

I samarbeid med kommunen og andre bidragsytarar fekk dei i gang mekkeklubb.

Eit halv år etter oppstart har klubben vorte ein samlingsstad for langt fleire enn ungdomane.

Nå er tiltaket utvida med biljardbord, dart og air-hockey. Mange av dei som kjem er godt vaksne.

- Vi ser at det fyller eit behov hos innbyggarane om ein møteplass, seier Kongslien.

Anten har dei som kjem med seg eigne prosjekt, ein moped, bil eller traktor som dei skrur på, eller dei skrur på eit prosjekt den lokale bilcross-klubben har.

 

Fleire tar kontakt for å høyre om suksessen, både i og utanfor kyrkja. Kongslien deler gjerne korleis dei jobbar.

Vi deler lenke til heimesida og gratulerer så mye med eit tiltak som syner korleis vi som kyrkje kan gjere ein forskjell i lokalsamfunnet og syne evangeliet i praksis.

Hipp hurra for kyrkja i Vestre Slidre!!

Med ønskje om ein god seinhaust frå

alle oss på bispedømmekontoret

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"