Konfirmasjon

Sund sokn
Du er velkommen som konfirmant i kyrkja!
I konfirmasjonstida kan du få stille spørsmål om Gud, tru, håp, kjærleik, sorg, glede og mykje meir. Du skal få bli kjent med kyrkja og livet i ein kyrkjelyd, og få oppleve Guds kjærleik.
Om du er ein som trur, tvilar, er usikker, ikkje trur, ikkje har tenkt på sånt før eller er nysgjerrig – du er velkommen som konfirmant! Gjennom året får du mange møte med nye folk, gode samtalar og kanskje nye venner.
Vi vil legge til rette for at alle som ønsker det skal kunne vere konfirmantar. Ta kontakt, så finn vi saman ei god løysing på konfirmanttida.
Konfirmantåret startar med "konfirmantoppstart" i Sund kyrkje torsdag 4. september kl. 18.
Vi i Sund gler oss til eit nytt konfirmantår og håpar å bli kjend med nettopp deg!