Diakoni er omsorgstenesta til kyrkja. Diakoni er alt frå den kvardagslege omsorgen for naboen til internasjonalt engasjement for klimarettferd og nedkjemping av fattigdom.
Diakoni er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd.
Det diakoner som leier arbeidet med diakoni i kyrkja. Les meir om yrket diakon her.
Identitet og oppdrag
Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, verkeleggjort gjennom liv og teneste.
Visjonen for den diakonale tenesta i Den norske kyrkja.
Kyrkja er diakonal av vesen, og diakoni er ein integrert del av identiteten og oppdraget til kyrkja.
Diakonien ynskjer å fremje respekt og verdigheit og vil bidra til at menneske kan leve i forsoning med seg sjølv og andre, og til å myndiggjere menneske i eiga liv. Det dreier seg om å bidra til at menneske får teke vare på rettane sine.
Meir om arbeidet med diakoni i Den norske kyrkja
Plan for diakoni (2020) beskriv arbeidet med diakoni i Den norske kyrkja. Planen skal gje retning for refleksjon, og for lokalt arbeid. Finn planen her.
Finn fleire ressursar for arbeidet med diakoni på ressursbanken her.
Den norske kyrkja samarbeider med mange aktørar om diakonalt arbeid. Kyrkja har også formalisert samarbeid med flere diakonale organisasjonar som utgjer Samarbeidsrådet for diakoni. Organisasjonane i rådet står saman som samfunnsaktørar for rettferd og nestekjærleik. Les om samarbeidsrådet sitt arbeid her.
