Fordømmer angrepet mot Pride i Berlin

Laurdag vart éin drepen og 29 skadde etter at ein bil køyrde inn i ei folkemengd i Tiergarten i Berlin, der tusenvis var samla for å feire Pride.

Publisert:

Generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja, Einar Tjelle. Foto: Gjermund Øystese / Norges Kristne Råd
Generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja, Einar Tjelle. Foto: Gjermund Øystese / Norges Kristne Råd

– Eg fordømmer på det sterkaste terroråtaket mot Pride-markeringa i Berlin i Tyskland denne helga, seier Einar Tjelle, generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja.

– Våre tankar og bøner går til den drepne, dei mange skadde, venene og familiane deira og alle som no kjenner på frykt og utryggleik etter åtaket, også her i Noreg, seier han.

Tyske styresmakter skildrar hendinga som eit terroråtak retta mot menneske samla til feiring av mangfald, fridom og likeverd. Opplysningar frå tyske styresmakter og medium peikar på at gjerningsmannen, som vart drepen under pågripinga, var kjend for radikalisering og tilknyting til eit ekstremislamistisk miljø, og at han tidlegare skal ha freista å slutta seg til terrornettverket IS.

– Som kyrkje står vi saman med LHBT+-personar og alle som blir råka av hat og vald. Vi tek tydeleg avstand frå islamistisk terror, høgreekstrem terror og andre former for ideologisk motivert vald som angrip menneske si verdigheit, fridom og rett til å leva ope og trygt. Hat mot skeive finst i fleire ekstremistiske miljø og må møtast med klar tale, fellesskap og vern om det liberale demokratiet, seier Tjelle.

Ekstremistar vil ofte gjera minoritetar til fiendebilete og prøva å bryta ned tilliten mellom menneske. Svaret vårt må vera det motsette: å stå fastare saman, verna sårbare grupper og insistera på at tru, livssyn og politisk overtyding aldri kan brukast til å legitimera terror.

Vi hugsar også terroråtaket mot Pride i Oslo i 2022, og dei tydelege røystene frå biskopane våre som då understreka at frykt og hat aldri kan få definera fellesskapet vårt. Nett difor må vi stå opp for kjærleik, mangfald og menneskeverd – også når dette blir utfordra av vald og ekstremisme, seier Tjelle.

Dette er også i tråd med bodskapen frå minnegudstenesta i St. Marienkirche i Berlin sundag, der mellom andre forbundskanslar Friedrich Merz var til stades. Biskop Christian Stäblein i den evangeliske kyrkja Berlin-Brandenburg-schlesische Oberlausitz sa det slik: «Skeivt liv og skeiv kjærleik bur i hjartet av Berlin. Hjartet i denne byen er fridom, mangfald og respekt. Kva enn gjerningsmannen ville oppnå, skal han ikkje få det til. Vald i religionen sitt namn er gudsspotting.»

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"