Kva er Kristi himmelfartsdag?

Kristi himmelfart er eit vendepunkt i forteljinga om Jesus som Guds son. Dagen har blitt markert og feira lenge før kyrkja byrja å feira Jesu fødsel.

Foto: Morguefile.com

Når er Kristi himmelfartsdag?

Kristi himmelfartsdag blir feira førti dagar etter 1. påskedag. Kristi himmelfartsdag fell alltid på ein torsdag.

Korleis feirar Den norske kyrkja Kristi himmelfartsdag?

Det er vanleg med gudtenestefeiring denne dagen i kyrkja. På Skjer i kyrkja (skjerikyrkja.no) kan du finna gudstenester og arrangement i samband med Kristi himmelfart. 

Denne dagen er ein viktig dag for kyrkja. I tida frå Jesus stod opp, og til han for opp til himmelen fekk disiplane ei rotfesta tru. Dei fekk også eit oppdrag: Dei skulle vera vitne om det dei hadde sett og høyrt og fortelje om Jesus til heile verda, det markerast Kristi himmelfartsdag.

Kristi himmelfartsdag er ein offentleg helgedag i Noreg.

Kva står det om himmelferda i Bibelen?

Forteljinga om Jesu himmelfart finn vi i bibelen i Markusevangeliet, Lukasevangeliet og Apostelgjerningane i Det nye testamentet.

Etter at Jesus hadde stått opp, viste han seg fleire gongar for disiplane. Forteljinga om Jesu himmelfart markerer overgangen til ei ny fase for dei som stod nær Jesus: Eit tilvære utan at Jesus var fysisk til stade. Ti dagar etter Kristi himmelfart kjem pinse som vi også kallar for kyrkjas fødselsdag. Her kan du lesa meir om pinse. Ei ny tid har kome, ei kristen kyrkje er i ferd med å bli etablert. 

Kristi himmelfart er ein dag for avskjed, men også ein dag som minner oss om at vi ikkje er aleine. Jesus lover at disiplane skal blir utrusta til det som ligg framom. Jesus forlet oss altså ikkje utan eit løfte om at han skal vera nær. «Eg sender over dykk det som far min har lova (...) Og medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen» (Lukasevangeliet kapittel 24, vers 49 og 51). 

Helgetorsdag som Kristi himmelfart også blir kalla, vart truleg innført på 300-talet, då enkelte kristne kyrkjer byrja å feire den som ein eigen fest. Det kan vi lesa ut frå historiske kjelder. 

Seier ein Kristi himmelfart, himmelferda eller helgetorsdag?

Ein kan seie både kristi himmelfart, himmelferda eller helgetorsdag. Nokon seier også himmelspretten.

I Noreg er det mest vanleg å seie Kristi himmelfartsdag.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"