Fasteaksjonen: Som konfirmant får du gjere en forskjell

Saman endrar vi verda. Jesus lærte oss mykje om korleis vi skal ta vare på kvarandre og den verda vi lever i. Dette tek vi på alvor i konfirmasjonstida. Les meir om kva konfirmantane bidreg til ved å engasjere seg i fasteaksjonen her.

Konfirmanter fra Holmen menighet i Asker. Foto: Kirkens Nødhjelp

Som konfirmant får du bety noko for andre. To veker før påske deltek rundt 40 000 frivillige frå 1200 norske kyrkjelyder i Kirkens Nødhjelps fasteaksjon.  Majoriteten av desse er konfirmanter. 

4 millionar menneske manglar tilgang til reint og trygt vatn. 29 millionar menneske har ikkje tilgang til gode sanitærforhold. Det samlar vi inn pengar til i fasteaksjonen.

Eit håp kan byrje med ein drope vatn og gje ei framtid utan svolt,
fattigdom, sjukdom og konflikt. Med konfirmantane sitt engasjement gjer vi ein
forskjell for dei som treng det aller mest. Støtta frå konfirmantane reddar liv.

Derfor deltek konfirmantane i fasteaksjonen

Solidaritet og nestekjærleik, engasjement og omsorg er viktige tema i konfirmanttida. Omsorg for andre, fredsarbeid og vern av klima og miljø er nokre av oppgåvene våre.

Desse utfordringane treng engasjerte unge som kan jobbe for å skape ei meir rettferdig verd - lokalt og globalt. 

I konfirmasjonstida snakkar vi om nestekjærleik og om nåde - slik Gud viser nåde mot oss, skal vi vise nåde mot kvarandre - vi er alle skapt i Gud sitt bilde.

Fattigdom er urettvis. Det er nok reint vatn og mat til alle, men spelereglane gjer dei rikaste rikare og dei fattigste fattigare. Saman kan vi gi dei stemmelause ei stemme der avgjerslene blir tatt.

Kirkens Nødhjelp er kyrkjelydane sin internasjonale hjelpeorganisasjon. Fasteaksjonen er ein stor dugnad før påske. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"