Orientering om kyrkjegardsvedtektene

Ei orientering til deg som har, eller vil få eit forhold til kyrkjegardane.

Orientering om kyrkjegardsvedtektene

TIL DEG SOM SKAL SYTE FOR GRAVFERDA.

Etter gravferdslova sine bestemmelsar er det éin person som skal vere ansvarleg for gravferda. Dvs. at vedkomande skal ta dei nødvendige avgjerder om kvar avdøde skal gravleggjast dersom det er aktuelle valmogelegheiter, kva for gravferdshandling som skal veljast og dessutan bestemme kven som skal vere ansvarleg eller festar for grava.

Den som syter for gravferda bør så langt som mogeleg respektere den avdøde sine ynskje.

Rettleiing om kven som kan syte for gravferda, kan ein få på kyrkjeverjekontoret.

TIL DEG SOM SKAL VELJE NY GRAV.

Den som er heimehøyrande i Vanylven kommune kan få grav på kva som helst av kyrkjegardane innan kommunen. Det gjeld også sjølv om avdøde på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ei anna kommune mot slutten av livet.

Dei som ikkje har vore bebuarar i kommunen, kan gravleggjast her etter nærare avtale med kyrkjeverjekontoret.

Men val av gravtype kan vere avhengig om gravferda skjer ved kremasjon eller ikkje.

 Ved gravlegging av kiste kan ein anten velje enkel kistegrav eller festa gravstad.

Ei enkel kistegrav gjev plass til ei kiste og er fri for betaling så lenge den er freda, dvs. i 20 år.

Ein festa gravstad består vanlegvis av to graver og gjer dermed plass til to kister. I spesielle tilfelle, og då etter søknad, kan det verte innvilga tre. Den grava som vert teken i bruk er fri for betaling så lenge den er freda, dvs. i 20 år. Den, eller dei andre grava/gravene festast mot betaling frå fyrste stund. Den som syter for gravferda må nemne opp ein festar til gravstaden.

Ved kremasjon kan ein velje urnegrav. Den gjev plass til fire urner og er fri for betaling så lenge den er freda, dvs. i 20 år. Det er ikkje høve til å feste fleire urnegraver saman.

Dersom det er ynskje om å sette opp gravminne på grava, må den som syter for gravferda nemne opp ein som er ansvarleg for grava.

Ved kremasjon kan ein også velje anonym urnegrav. Då kan det ikkje setjast opp gravminne og grava si nøyaktige plassering vil berre vere kjent for kyrkjegardsadministrasjonen.

Alle graver, unnateke anonyme kan behaldast delvis som frigrav og delvis

som festegrav i inntil 70 år etter siste gravlegging.Festeavgifta forfell til betaling kvart 5. år.

 

TIL DEG SOM YNSKJER Å NYTTE EIN EKSISTERANDE GRAVSTAD.

Når det er ynskje om å nytte ein eksisterande gravstad, må den som syter for gravferda fyrst og fremst innhente samtykkje frå festaren av gravstaden. Det må då naturlegvis vere ledig grav. Dvs. grav som ikkje er brukt eller grav som er så gammal at den ikkje lenger er freda, altså 20 år.

 

TIL DEG SOM VIL VERE TIL STADES VED NEDSETJING AV URNE.

Når kiste vert gravlagd er ein alltid til stades ved grava under handlinga. Men når ei urne skal setjast ned er ikkje det sjølvsagt. Det må meldast til kyrkjeverja dersom ein ynskjer å vere til stades og om kor mykje ein vil lage til av seremoni. Då avtalast også tidspunkt for gravlegginga. Urna skal setjast ned innan seks månader etter dødsfallet så framt det ikkje er noko spesielt som tilseier noko anna..

TIL DEG SOM SKAL  ANSKAFFE GRAVMINNE.

Det er høve til å sette opp eit gravminne på kvar gravstad og det kan skje tidlegast 6 månader etter gravferda. I mellomtida er det høve til setje opp eit merke med namnet til den avlidne.

Når jorda på ei kistegrav har sokke tilstrekkeleg saman, vil kyrkjegardsarbeidarane sørgje for at det vert planert og sådd med nytt grasfrø.

Ein bør ta seg god tid ved val av gravminne og kyrkjeverja skal godkjenne det før det vert oppsett. Den som er ansvarleg for frigrav eller festar av gravstad, er ansvarleg for at gravminnet ikkje er i forfall.

På gravminnet kan det vere tekst, symbol, dekor og fotografi. Alt skal vere sømmeleg. Namn som vert sette på skal vere identisk med den avdøde som er gravlagd i gravstaden.

Gravminnet skal vere solid og tole dei påkjenningar det vert utsett for ved vanleg drift av kyrkjegarden. Pyntegjenstandar på gravminnet kan berre nyttast når dei er like solide som sjølve gravminnet. Lykter som er fastmonterte på gravminnet er ikkje tillate.

Eit gravminne kan ha ei breidd på opp til 85 cm. Høgda og tjukkleiken kan vere opp til høvesvis 150 cm og 60 cm. Dette må avgrensast slik at volumet ikkje overstig 0,2 m3 og ikkje vege meir enn 300 kg.

Det skal sikrast med forskriftsmessig fundament og stålboltar som forbind fundament og gravminne.

Gravminne på ny kistegrav skal plasserast i bakkant av den grava som er teke i bruk. Om dette er ein festa gravstad, kan gravminnet etter neste gravlegging flyttast slik at det står midt mellom dei gravene som høyrer saman.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"