Det skal då signerast ein avtale om dette. Midlane vert forvalta av soknerådet. Den innbetalte summen, skal dekkja utgiftene til planting og stell av gravstaden i samsvar med avtalen, medrekna administrasjon og revisjon, for den fastsette tida. Midlane skal og dekkja eventuell meirverdiavgift til staten, etter det som til ein kvar tid gjeld for sokneråd. Det kan ikkje gjerast avtale som varer lenger enn den festetida som er igjen, eller tilsvarande periode. Dersom dei økonomiske tilhøva endrar seg i avtaletida, slik at midlane ikkje rekk til, skal soknerådet gje melding om dette til den som er ansvarleg for gravstaden. Det er så høve til å auka kapitalen slik at det rekk tida ut. Vert det ikkje betalt inn det som trengst, vil stellet av grava ta slutt når midlane er brukte opp. Dersom det er midlar att av kapitalen når tida er ute, skal dei brukast av soknerådet til å gjera gravplassen vakrare. Kapitalen frå dei ulike avtalane vet forvalta i fellesskap og går inn i soknerådet sin rekneskap. Det skal nyttast undersystem/reskontro som til ei kvar tid held greie på bruk av og kva beløp som står att i dei ulike avtalane. Nærare reglar vert fastsette i gravstellavtalane.
Gravlegat
Mot at den ansvarlege for fri grav eller festet betalar ein fastlagd sum, kan soknerådet ta over ansvaret for planting og stell av gravstaden i eitt eller fleire år.