I 2011 engasjerte Ullensvang kyrkje Rannveig Djønne til å skriva ny gudstenestemusikk i folkemusikkstil. I fyrste omgang var det dei fire liturgiledda ”Kyrie”, ”Gloria”, ”Sanctus” og ”Agnus Dei” som fekk nye melodiar, men etter kvart har det kome til nye komposisjonar av Djønne. Fyrst og fremst skulle songane vera inspirert av folkemusikken i Hardanger, enkle å hugsa for kyrkjelyden og sangbare. Silje Hveem har arrangert musikken.Me brukar å velje lokale slåttar/songar som preludium, postludium og undervegs i messa alt etter kvar me er og kven som er med, og salmene som vert valgt er oftast gamle folketonar. Messa har vore mykje nytta etter urframføringa i 2011, og Kinsarvik kyrkje har valgt desse versjonane av Gloria og Kyrie som fast liturgi. Vossestrand nyttar messa kvart år, og den har vore spelt både i Bergen, Eidfjord, Jondal, Kvam, på Nesodden, Utne, Lofthus m.m.
Folkemusikkmesse
Folkemusikkgudstenste med Rannveig Djønne - toradar, Marta Lindvik og Elise Østeraat - fela, Bengt Steffan Arvidson - fløyte, og lokale vokalistar Unni Solem, Vibeke Johnsen, Jenny Johnsen, og Kjersti Johanne Nybø.