Naturlig Menighetsutvikling er eit system, ein tankemåte og eit verktøy for å måle "helsa" til ein kyrkjelyd. Dei aktive i kyrkjelyden svarer på ei rekkje spørsmål som sorterast i 24 tema, som igjen sorterast i 8 kvalitetsteikn. Det er solid forankra i bibelske prinsipp og forskning på kyrkjelydar verda rundt. Tankegangen er og inspirert av naturen.
Hovedtanken er at vekst er naturleg for alt som lever og er sunt. Sjå til dømes Matteus 7, 17: Eit godt tre ber god frukt, eit dårleg tre ber dårleg frukt. Me skal ikkje skape vekst, det gjer Skaparen. Vår oppgåve er å vere gartnarar, som kan legge til rette for at vekst skal skje. Me kan ta vekk hindringar, sørge for eit sunt jordsmonn, og meir til. Ein plante som mistrivst kan få nytt liv om han får dei rette vekstvilkåra.
I arbeidet skal me så godt me kan vere framoverretta. Me skal ikkje bruke tid på grave i fortida, eller snakke om problem, men sjå framover, og finne moglegheiter. Det er ikkje store og omfattande grep som skal til, heller små justeringar. Me skal finne hòlet i bøtta og tette det igjen, slik at energien me legg i arbeidet i kyrkja ikkje lekk ut.
Kva så med Undheim? På biletet under teksten kan me sjå at Undheim kyrkjelyd er gode på Inspirerende Gudstjenester og Nådegavebasert Tjeneste spesielt, mens me har størst potensiale for vekst på på området Behovsorientret Evangelisering.

