Rundt Allehelgensdag er det mange som ser til gravene til sine kjære som har gått bort. Time Kyrkje er open 11:00-14:00 laurdagen før allehelgensdag. Me inviterer til å komme inn, varme seg og få ein enkel kopp kaffi og ei vaffel på kyrkjetorget. Ein kan og tenne eit lys i kyrkjesalen.
Mellom 12:00 og 13:00 er det diktlesing og orgelmusikk i kyrkjesalen.
Diakon og prest er tilstades og har tid til ein samtale for dei som ønskjer det.