Innhaldet og arrangementet er retta mot dei som er 60+. Det kjem folk frå heile distriktet vårt.
Me syng i lag, har noko å bite i, høyrer på ein invitert foredragshaldar og har eit ord for dagen.
Normalt samlast me den tredje onsdagen i månaden, men sjekk under. Laust og fast varer frå 14.00 til 16.00, og me held til i kjellaren i Undheim kyrkje. Det er eigen inngang nede på sørsida.