Kyrkjelydstur til Ørsta

Fagert er landet! 23. august vert det busstur frå Jølster til Ørsta. Der vitjar vi oppvekstmiljøet til salmediktaren og presten Anders Hovden, og vi reiser innom Ivar Åsentunet. Tidlegare prest i Jølster Svein Kvamsdal spelar og kåserar historia om Hovden. Hovden skreiv og gjendikta 128 salmar i Nynorsk Salmebok.  Saman med Peter Hognestad og Bernt Støylen stod Hovden bak den første Nynorsk Salmebok som kom ut i 1925. Hovden skreiv i alt 250 salmar.  Den mest kjende er vel «Fagert er Landet». Attende i denne tida var det dansk embetsspråk som rådde grunnen i kyrkjene. I Jølster heldt presten Cristian Astrup på at ein «måtte bruge det sproget som Gud har givet oss». 

Publisert:

Tidlegare prest i Jølster Svein Kvamsdal spelar og kåserar historia om Hovden.
Tidlegare prest i Jølster Svein Kvamsdal spelar og kåserar historia om Hovden.

Som prest kom Anders Hovden i god kontakt med folket og vart etter kvart godt likt av kyrkjelyden. Han var folketalar fram for nokon. Men han møtte sterk motstand særskilt hos andre prestar,  mot at han preika på Landsmål. Når han vart tilsett som prest i Ålesund, var kritikken så sterk at han slutta etter 14 dagar. Sjølv uttrykte han det slik, «eg var sokneprest i Ålesund i 14 dagar og tenkjer at det var just høveleg tid.»

Bli med på Kyrkjelydstur til Ørsta, oppvekstbygda til Anders Hovden og til Ivar Åsentunet!
Bussavgang frå Firda Billag sin parkeringsplass på Skei
laurdag. 23. august kl. 07.30 

Frist for påmelding er søndag 17.august.
Påmelding til: Kyrkjekontoret, helst på e-post, pga sommar og ferietid:

  • post.jolster@sunnfjordkyrkja.no  
  • tlf. 57828180

Det er også mogeleg å melde seg på til Kyrkjevertane på gudstenestene 

eller til :
Astrid Feldt, tlf. 41684368   e-post: astridaafeldt@gmail.com

Alle må ta med matpakke. 
Frukt og forforfriskingar har Astrid med på bussen.

Med helsing Steinar Dvergsdal

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"