Planlegging av dåp

Her finn du nyttige tips til planlegging av dåp.

Etter at det er avtalt dåp i kyrkja tek presten eller ein annan tilsett i kyrkjelyden kontakt for å avtale dåpssamtale. Samtalen finn stad i kyrkja. Her går ein gjennom kva dåp er og praktisk informasjon knytta til gudstjenesta og dåpshandlinga.

Det er lurt å starte planlegginga i god tid, slik at dato for dåpsdag og eventiuelt andre ting vert avklart.

Barnet skal ha minst to fadrar, og kan ha inntil seks. Å vere fadder handlar om å vise omsorg for barnet og bidra i barnet si trusoplæring. Fadrane må ha fylt 15 år, og vere medlem av Den norske kyrkja, eller eit anna kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåp.

Er det noko de ynskjer å spørje presten om? Tenk igjennom dette før dåpssamtalen. Døme: Ynskjer de ein spesiell salme, eller vil nokon i familien lese dåpstekstar frå Bibelen? 

Når det er gudsteneste med dåp i Hareid kyrkje, er foreldre og barn vanlegvis ein del av den prosesjonen som går inn i kyrkja i starten av gudstenesta. Foreldra tek så plass på den benken som er reservert for den enkelte familien framme i kyrkja.

Sjølve dåpen kjem ganske tidleg i gudstenesta. Det er greitt at ein tek av barnet ev. dåpshue før ein ber barnet fram til døypefonten.

Ved dåpshandlinga nyttar ein berre fornamnet til barnet (ikkje mellomnamn eller slektsnamn), men det fulle namnet vert teke med i informasjonen i gudstjenesta.

Medan barnet vert døypt, vert eit dåpslys tent. Dette lyset vert overlevert til ein av fadderane, for så å stå og brenne framme i kyrkja under resten av gudstenesta. Familien må gjerne ta med lyset heim etterpå. Dei kan også ta med kluten som vert nytta til å tørke hovudet til barnet etter dåpshandlinga.

Her følger dei liturgiske ledda i sjølve dåpshandlinga: sjå kirken.no og lenka til dåpen.

Gudstenester med dåp i Hareid kyrkje:

17. april
1. mai
15. mai
22. mai
29. mai
5. juni
12. juni
19. juni
17. juli
31. juli
14. august

Datoar for dåpssamtale:

21. april kl 1100
12. mai kl 1800
16. juni kl 1800
21. juli kl 1800
11. august kl 1800
8. september kl 1800

Dåpssamtale blir haldne i kyrkja ein gong i månaden.
Om dato eller tidspunkt ikkje høver, kan ein avtale dåpssamtale på eit anna tidspunkt. 

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Rådhusplassen 6

Åpningstider kyrkjekontoret:
mandag: stengt
tirsdag - fredag: 10:00 - 14:00

Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid

Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Ansvarlig redaktør:
Jan Erik Hovland

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"