Til deg som skal begynne i 9. klasse – og føresette
Har du tenkt på konfirmasjon?
Tilsette og sokneråd i Øystre Slidre ønskjer alle nye konfirmantar velkomne til eit nytt konfirmant år.
Orienteringsmøte for konfirmantar og foreldre/føresette Tysdag 29. august 2023 kl. 19:00-21:00 i Rogne kyrkje
Ungdommar som ikkje er døypte, er sjølvsagt velkomne som konfirmantar. Dei kan då døypast i ei gudsteneste for dykk sjølve før konfirmasjonen. Dei som ikkje er døypte i Øystre Slidre må levere kopi av dåpsattest.
Undervisning, leir og gudstenester.
Vi plar ha undervisning rett etter skula tysdagar ca. ein gong i månaden. De skal vera med på nokre gudstenester, desse vil vi forsøke å tilpasse slik at det ikkje kjem i konflikt med andre helgeaktivitetar. 9.-11. februar 2024 vert det etter planen Hekta leir på Lillehammer! Vi treng foreldrehjelp for å kunne reise, så vi ber dykk alt no sjå om nokon har høve til å vera med.
Fyste obligatoriske samling er sundag 10. september kl. 10.00- 18.00
Då dreg vi på pilegrimsvandring med startsamling i Volbu kyrkje, vi går vidare derifrå til Sebu og langs Vindeåne til Hegge kyrkje der vi er med på gudstenesta kl. 17.00. Turen er både for konfirmantar og føresette, fadrar og andre som vil vera med.
Eg vil opprette ei facebook gruppe Konfirmanter i Øystre Slidre 23-24 for konfirmantar og foreldre. Er de medlem på facebook vær så snill be om vennskap med meg slik at eg kan leggje dykk til gruppa. mvh Eli Vatn
Konfirmasjonsdatoar våren 2024 er
2. juni 2024 kl. 10:30 Volbu kyrkje 2. juni 2024 kl. 12:30 Rogne kyrkje
9. juni 2024 kl. 10:30 Lidar kyrkje 9. juni 2024 kl. 12:30 Hegge kyrkje