FASTEAKSJON 2023

Konfirmantar i Øystre Slidre går Kirkens Nødhjelp sin årlege fasteaksjon 26-28. mars. Gåvekonto: 1594.22.87248 eller VIPPS 2426

FOTO: KIRKENS NØDHJELP

Konfirmantar ber med seg håp

Saman med konfirmantar over heile landet, gjer konfirmantane i Rogne, Volbu, Hegge og Lidar seg klare for innsamling til Kirkens Nødhjelp sin årlege fasteaksjon 26-28. mars. Konfirmantar samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid over heile verda, og gjev håp der nøda er størst.

Fasteaksjonen gjev Kirkens Nødhjelp moglegheit til å redde liv i akutte kriser og forandre liv på sikt. Takk vere innsamla middel, mellom anna frå fjorårets fasteaksjon, hadde Kirkens Nødhjelp moglegheit til å gje akutt nødhjelp til flyktningar då krigen braut ut i Ukraina for over eitt år sidan. I Syria gjev Kirkens Nødhjelp katastroferespons til jordskjelvråka i form av mat, vatn, hygieneartiklar og teppe. Samarbeid med lokale partnarar mogleggjer rask respons når kriser og katastrofar inntreffer.

Fasteaksjonen bidreg til at Kirkens Nødhjelp også kan forandre liv på sikt. Aksjonen har i år fått tittelen «Håp i ein drope vatn». Vatn gjev håp og positive ringverknader for enkeltmenneske og lokalsamfunn. Med ein brønn på landsbygda i Tanzania får jenter, som elles ville gått store avstandar for å hente vatn til familien sin, moglegheit til å gå på skole og få utdanning. Tilgang til reint vatn fører til færre vassborne sjukdomar, og gjev betre helse. Smarte dryppsystem gjev bønder i Tanzania og Malawi moglegheit til å tredoble inntektene sine, og såleis stå betre rusta mot klimaendringar.

– Gjennom Fasteaksjonen er vi med på å gje håp og forandring for menneske som treng det mest. Fasteaksjonen gjev Kirkens Nødhjelp handlingsrommet som må til for å redde og forandre liv. Vi håpar konfirmantar som deltek i aksjonen blir tatt godt imot, seier sokneprest Eli Vatn. 

Gavekonto: 1594.22.87248 eller VIPPS 2426

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"