Kva er ein pilegrim? Kva skjer vi når vi vandrar saman? Dette får andreklassingane lære meir om på T7-dagen.
Vi møtest ved rundkøyringa på Morland kl. 08.30 til registrering. Saman går vi den "gamle kyrkjevegen" frå Morland til Fjell kyrkje.
På vegen skal vi vandre i grupper, høyre pilegrimsforteljingar og ete nista vår. Ved målet i Fjell kyrkje skal vi mellom anna ha pilegrimssamling og mange gøye aktivitetar. Det blir servert hotdog og frukt. Kl. 15.30 blir det ei avslutning der foreldre og sysken er velkommen til å vere med. T7-dagen er ferdig kl. 16.00.
Bli med på haustens vakraste eventyr!
Det er lov å ha med ein vaksen (til dømes forelder eller besteforelder). Skriv namn på "medvandraren" i merknadsfeltetet på påmeldinga
Ta med: T-dagsmappe, nistepakke, drikkeflaske, tørre sokker, tursekk. Dette er ein litt våt sti, så støvlar/fjellsko anbefalast.
Pris: 70 kr pr. deltakar. Vipps til #82511, hugs å merke med T7 og namn.
Påmelding helst innan måndag 15. august.