T12 - Lys vaken

Har du nokon gong lurt på korleis det er å overnatte i kyrkja? No har du sjansen! Laurdag 25. til søndag 26. november er det «T12 LysVaken» i Landro kyrkje.

T12 - Lys vaken

På T12-LysVaken handlar det om å setje gode spor og vere lys vakne for kvarandre og for verda. Vi skal snakke om misjon og diakoni, om Paulus og om Thailand. Vi skal ete god mat saman, leike, undrast, syngje … og sove! For sjølv om vi søv, er Gud alltid vaken – for oss.

 

Program for helga

Laurdag 25. november
• Kl 16.00 - 16.30: Registrering i Landro kyrkje og brødmat
• Svisj – vi er saman!
• Sporløp og gudstenesteverkstad
• Tacofest
• Perlevandring og ord for natta


Søndag 26. november
• Lys vaken og klar for frukost!
• Kl 11.00: Gudsteneste for heile familien, med kyrkjekaffi og basar
• Kl 13.00: Slutt på T12 Lys Vaken


Ta med: Sovepose og liggjeunderlag (ikkje stor madrass!), pysj, tannkost og T-dagsmappa di, viss du har.

Meld frå om særskilde behov i god tid. Pris for heile helga: 100 kr. Vipps #824175 - hugs å merke betalinga med T12 og namn på barnet. Betaling skal ikkje vere til hinder, ta eventuelt kontakt.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"