No startar arbeidet  på Fjell kyrkje

Frå 1. juni vert Fjell kyrkje lagt i Akasia AS sine kyndige hender for ei omfattande rehabilitering. Arbeidet skal etter planen vere ferdigstilt i november 2024.

Frå synfaringa med riksantikvaren i oktober 2022. Foto: Jens Meyer

Akasia AS, som vann anbods­konkurransen om arbeidet i Fjell kyrkje, er eigd av alle sokna i Bergen. Firmaet er godt kjent med å arbeide på kyrkjebygg, også samtidig som kyrkja er i bruk av kyrkjelyden.

Dette er godt nytt for alle som har Fjell kyrkje som «si» kyrkje, og som ønskjer å komme til kyrkja i både glede og sorg. Kyrkja vil ikkje verte heilt stengt i rehabiliteringsperioden, men alle må vere førebudde på store avgrensingar i bruken av kyrkja medan arbeidet pågår.

I juni og dei tre første vekene i juli skal det byggast stillas rundt kyrkja. I denne perioden vil kyrkjeskipet vere opent for avgrensa bruk. Det vil seie at det kan vere mogeleg å ha gudstenester, bryllaup og gravferder der. Ein må då vere merksam på at uteområdet rundt kyrkja er ein byggeplass, og vil bere preg av dette. 
I same tidsrom (juni-juli) skal det setjast inn ei dør frå kyrkjelydssalen ut mot sør, og det skal byggast ei rampe på utsida. Kyrkjelydssalen vil då vere stengd for bruk.

Siste veka i juli vert orgelet og anna interiør i kyrkjeskipet dekt til, og arbeidet på og i kyrkja startar. Frå dette tidspunktet vert kyrkjerommet heilt stengt. Samtidig opnar kyrkje­lydssalen, og vil tene som samlings­stad for kyrkjelyden på ettermiddag, kveld og i helger fram til kyrkjeskipet opnar igjen. 
Dette tyder at Fjell kyrkje vil verte stengt for gravferder frå 24. juli. Pårørande vil så langt det er mogeleg få høve til å velje kva for ei av dei andre kyrkjene i Øygarden dei ønskjer å bruke.

Vi vil oppdatere detaljar om arbeidet etter kvart som dei kjem på nettsida.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"