Snart klart for konkurranse om Fjell kyrkje

Øygarden kommune skal på vegne av Øygarden kyrkjelege fellesråd rehabilitere Fjell kyrkje. No er det straks klart for utlysing av konkurranse om rehabiliteringa.

Fjell kyrkje i sollys. Ein kan sjå at kyrkja er slitt i malinga.

Rehabiliteringa  er organisert som ei generalentreprise. Det vil seie at det vert inngått kontrakt med ein entreprenør som har ansvar for heile utføringa. Generalentreprenør skal med andre ord levere  alle naudsynte fag for ei komplett utføring. Dette inneber mellom anna faga  tømrar, taktekkar, malar, glas og vindauge, varme og ventilasjon. 

Arbeidet omfattar mellom anna:

  • riving og omlegging av tak og bere-konstruksjon
  • utbetring av klimaskall og laftekasse
  • rehabilitering og oppgradering av vindauge
  • enøk-tiltak, til dømes isolering og nye varmekjelder

 

Når konkurransen er avslutta og entreprenør er tildelt, skal prosjektet opp til politisk behandling i Øygarden kommune. Prosjektet vert ikkje igangsett før kommunestyret har fatta vedtak om oppstart.

Planlagt oppstart for utføring av arbeidet er juni 2023. Arbeidet skal vere ferdigstilt i november 2024. 

I perioden arbeidet pågår vil kyrkjerommet verte stengd for bruk. Kyrkjelydssalen vil verte open for bruk på ettermiddags- og kveldstid samt i helger, så langt det let seg gjere. I periodar vil også  kyrkjelydssalen verte stengd.

Fjell kyrkje er listeført hos riksantikvaren, og er også den eldste av kyrkjene i kommunen. I kulturminneplanen til kommunen er Fjell kyrkje vurdert til å ha svært høg verneverdi. I tillegg til at kyrkja isolert sett er eit verna bygg, utgjer ho eit sentralt element i det historiske kulturmiljøet på Fjell gard, som har vore kyrkjestad og eit sentrum i soknet sidan 1300-talet. Bygningsvernet vil derfor vere sentralt i alle omsyn og samlege fag gjennom heile prosjektet.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"