Arbeidet med rehabilitering av Fjell kyrkje er no sett i gang.

Første steg er bygging av stillas, og det vert sett opp byggegjerde rundt kyrkja.

Frå oppstartsmøte for rehabilitering av Fjell kyrkje. Frå venstre: Oddmund Vingdal (Multiconsult), Tore Heggernes (ØKF), Annlaug Børve (ØKF), Arne Magne Fjell (Øygarden kommune), Jon Ivar Friborg (Øygarden kommune), Helge Kleemann (Akasia), Andreas Kvinge Hindenes (Sweco), Sondre Haugseng Jakobsen (Akasia), Åse Lyslo Døssland (Multiconsult)

Parkeringsplassen ved sida av kyrkja er stengt. Denne vert ein del av byggjeplassen, og det vert sett opp brakker som skal nyttast av dei som utfører arbeidet. Besøkande kan parkere på parkeringsplassen som ligg ned bakken nord for kyrkja.

Byggjegjerde vert i denne fasen sett opp slik at det vert tilgang til kyrkja gjennom hovudinngangen. Det vert også mogeleg å nytte rullestolinngang, og kyrkjetenar/kyrkjevert vil sjå til at dei som treng det får tilgang til denne.

I dag vert arbeidet med å lage ny dør frå sørsida av kyrkjelydssalen og ut på plassen ved minnestøtta sett i gang. Denne døra vil verte hovudinngang til kyrkja frå juli/august. 

Oppdateringar vert lagt ut på nettsida etter kvart. 

Prosjektet vert leia av Øygarden kommune. Prosjekterande er Multiconsult og entreprenør er Akasia. Byggjeleiar er Adreas Kvinge Hindenes frå Sweco.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"