Foldnes kyrkje

Grunnsteinen til Foldnes kyrkje vart lagt ned av dåverande biskop Ole D.Hagesæther, 28. mai 2000, og vigslinga av kyrkja fann stad 22. april 2001.

Foldnes kyrkje med vannet i forgrunnen. Det er blå himmel og snø på fjellet i bakgrunnen.

Kyrkja ligg nydeleg til på ei lita høgd ved Skiftedalsvatnet på Foldnes, og med den fekk også folket på Litle-Sotra "si" kyrkje, som dei hadde jobba for å få realisert i over 20 år.

Kyrkja er ei moderne arbeidskyrkje som er tilrettelagt for dei mange forskjellige aktivitetane og arbeidsoppgåvene som kyrkja vår i dag rommer. Plasseringa av kyrkja på eit fjell tek oss attende i bibelhistorien der vi mellom anna høyrer om steintavlene som Moses fekk på Sinaifjellet, misjonsbefalinga som Jesu disiplar fekk på ei høgd ved byen Tiberias ved Genesaretsjøen, og dei mange templa som vart bygd på høgdene.

Kyrkja er utvendig halden i jordfargar, medan fargane inne er i kvitt og blått. Alterveggen er prega av eit stort kors i farga glas, som lyset utanfrå gjer til eit vakkert skue.

Adresse:
Austre skiftedalsvegen 25
5353 Straume

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"