Kyrkja er ei såkalla langskipskyrkje med 700 sitjeplassar, der alteret står lengst framme. Glassmåleriet som pryder kyrkja vart laga i England etter teikningar av Heinrich Oidtmann, lege i Linnich/Reihnland. Elles har kyrkja vakre veggmåleri. Ein kopi av ein Olavsfigur er plassert på veggen midt i kyrkja, originalen er av eiketre og står til vanleg på Historisk museum i Bergen. Kyrkja har og eit gamalt alterskap som vart funne i ei løe på Liaskjæret. Denne stammar etter alt og døme frå den eldste kyrkja i Fjell, (ca 1400-talet), og viser helgenane St.Olav og St. Sunniva. Inne i dette alterskapet er det sett inn ei altertavle frå 1843 som skildrar nattverden.
Kyrkja har to kyrkjeklokker med innskrift, laga ved Laxevaag Verft til vigslinga i 1874. Kyrkja er ei av få langskipskyrkjer i landet som ligg nord/sør. Kyrkja har vernestatus.
Adresse:
Kyrkjehaugen 2
5357 Fjell