Bli med på kystpilegrimsvandringar i pinsen!

Det vert arrangert tre pilegrimsvandringar i pinsetida i Øygarden: 23. mai til Sund kyrkje, 24. mai til Hjelme gamle kyrkje og 30. mai til Fjell kyrkje. Kystpilegrimsvandringane er ein del av prosjektet Nye PiN (Perler i Nordsjøløypa). Turene vert avslutta med gudsteneste i kyrkjene.

Bli med på kystpilegrimsvandringar i pinsen!

Vandringane er eit samarbeid mellom kyrkja, bispedømmekontoret, det regionale pilegrimssenteret i Bergen, Sotra Øygarden turlag og andre frivillige lag i kommunen.

23. mai - pinsedag

Frå Stranda skule kl. 08.15 til Sund kyrkje.

Sund 16x9.jpg

I sør er du velkomen til å gå frå Stranda skule, der det er god parkeringsplass. For å henta bilane etter gudstenesta, kan sjåførane ta rutebuss kl. 13.25 frå Klokkarvik tilbake til skulen.

Ein kan gå ein kortare tur ved å møta på Fadraborde kl. 09.30 frå Hamre og Vorland eller delta på det siste strekket frå Førde kl. 10.45.

Det blir gudsteneste ved Kjell-Asle Børnes i Sund kyrkje kl. 12.00.

Les meir og sjå timeplan på nettsidene til Bergen og Hordaland turlag. 

24. mai - 2. pinsedag

Frå Hellesundet (Sonne) kl. 11.00 til Hjelme gamle kyrkje.

Hjelme gamle kyrkje.jpg

Turen startar frå Hellesund kl. 11.00. Før den tid må ein parkere ved gravplassen ved Hjelme kyrkje eller Bakken skule. Derifrå er det 1.2 km til der den gamle kyrkjevegen startar. Tilbake frå kyrkja til parkeringa er det ca. 3 km.

Det blir gudsteneste ved Espen Tveten når turfølgjet kjem fram til Hjelme gamle kyrkje. Omkring kl. 12.00.

Les meir om turen på nettsidene til Bergen og Hordaland turlag.

30. mai

Frå Morland kl. 10.00 til Fjell kyrkje.

Fjell kyrkje nettside.jpg

Det er mogleg å parkera eit stykke frå stistart på Morland, men ein oppmodar til samkøyring då plassen er begrensa. Pilegrimsvandringa mot Fjell kyrkje vil starta på kyrkjevegen frå Morland. Den følgjer Nordsjøløypa gjennom utmarka langs austsida av Kyrkjevatnet, vidare mellom Midtvatnet, Eidesvatnet og Liavatnet. 

Det blir gudsteneste ved Knut Kaldestad i Fjell kyrkje kl. 12.00.

Les meir om turen på nettsidene til Bergen og Hordaland turlag.

 

Her kan du lese meir om alle tre turane på nettsidene til Øygarden kommune.

Det kan bli endringar i programmet om retningslinene for covid-19 blir endra.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"