«Skaparglede i Guds hus»

Det vart ein svært vellukka og inspirerande temakveld i Sund kyrkje med tekstilkunstnar Bjørg Husdal, der ho delte frå arbeidet sitt og kva som ligg bak kunsten hennar.

Publisert:

«Skaparglede i Guds hus»

Ho tok oss med inn i den kreative prosessen, frå dei første skissene og tankane, til at kyrkjetekstila må godkjennast av biskopen. Nokre gonger må ein gå fleire rundar før det endelege uttrykket kjem på plass. Bjørg fortalde òg korleis ho nyttar symbolikk i arbeidet sitt, til dømes tal med religiøs tyding, som treenigheten.

Det var spennande å høyre korleis ho finn inspirasjon i både små og store detaljar. Ho let seg påverke av fargar og former inne i kyrkjerommet, men òg av element utanfor kyrkja, som til dømes mønster i smijernsportar ved gravplassen. Alt dette vert til slutt vevd inn i kunsten hennar.

Under kvelden fekk vi sjå fleire av dei ferdige arbeida hennar, mellom anna stolaar og messehaklar, og ho hadde òg med seg ulike delar av prosessen som publikum kunne studere nærare. Bjørg har mellom anna laga stola til tidlegare sokneprest i Landro, Bjarte Nese og til soknepresten i Sund, Lars Arne Vik.

Det var imponerande å sjå det flotte arbeidet hennar, både inspirerande og lærerikt for alle som var til stades.

Kvelden vart òg ramma inn av vakker song og musikk frå Torgeir, Martin og Solveig Børnes, vener av familien. Etter programmet var det servering av kake og kaffi. Praten gjekk lett rundt borda, og mange vart sitjande lenge i godt lag.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"