På vandring gjennom påska

Dei siste vekene har førskuleborna i Sund vore på besøk i kyrkja for å vere med på påskevandring. Med musikk og dramatisering, har vi vandra saman gjennom dei ulike dagane i påskeveka.

Publisert:

På vandring gjennom påska

Tenk at det Jesusbarnet som blei født på julaftan har vekse opp og blitt ein vaksen mann! Vi har vifta med palmegreiner på palmesøndag og vore med på fotvasking og ete brød på skjærtorsdag. På langfredag blei lyset slokka, og Jesus blei lagt i ei grav. Saman med disiplane har vi kvilt på påskeaftan, før vi stod opp med fuglane på påskedag. Alle fekk vere med å legge blomar ved den tomme grava.

🎶 Korset er tomt, grava er tom, Jesus stod opp og han lever 🎶

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"