Kvart år har konfirmantane i Sund ein konfirmantaksjon til inntekt for soknet sitt misjonsprosjekt med Misjonsallianse i Ecuador. Årets konfirmantaksjon var Misjonstivoli, der konfirmantane hadde ansvar for ulike aktiviteter og boder.
På misjonstivoliet kunne du finne alt frå sukkerspinn og ansiktsmaling, til ringspill, lykkehjul og empanadas (laga av konfirmantane sjølv).
I løpet av helga var det omlag 150 menneske innom og konfirmantane samla inn 6466 kr til Misjonsalliansen.









