Berre tenk på Johan Christian Dahl sitt måleri Birk i storm, eller biletet av konge og kronprins ved Kongebjørka i april 1940. Det er ikkje tilfeldig at vi pyntar med bjørkelauv på 17. mai.
Men utanfor Sund kyrkje har biletet vore eit heilt anna. –Eg har mast om desse bjørketrea i årevis. Dei stod skeive og krokete, utan kraft eller skjønnheit. Symboliserte dei noko, så var det i alle fall ikkje håp om nytt liv, smiler han.
No er trea borte, og Bungum er letta. –Eg er veldig takksam for at nokon tok grep. Takk til Sigrid Venke Håkonsund Fjeld, mannen hennar Kåre og svigersonen Lars Erik Løvaas, som stilte med sag og innsatsvilje. Endeleg er parkeringsplassen meir velstelt, og vi får plass og rom for nye bjørker som kan symbolisere ei livskraftig og inkluderande folkekyrkje.