I starten av gudstenesta kom dei samla inn i ein usedvanlig flott prosesjon. Seinare i gudstenesta vart alle ropt opp og fekk både aktivitetshefte, tusj og blyant til å ha i sekken. Samtidig ba presten ei bøn for skulestart og skuletida som ligg framfor. Denne fekk dei også med seg på eit kort. Her kan du lese bøna:
Kjære gud!
Takk for at vi får gå på skule og læra å
lesa, skriva og rekna.
Eg ber for alle som går i 1. klasse.
Ta vare på dei på skulen og på skulevegen.
Ver nær i klasserommet og i friminutta.
Lat skulen vera ein trygg og god og
spennande stad å vera.
Hjelp alle til å få gode vener og vera
gode mot kvarandre.
Amen
Etter gudstenesta vart alle invitert ut i borggården på kyrkjekaffi med nystekte lappar i sola.