Konfirmantar samla inn til Stefanusbarna

Konfirmantane i Hjelme og Blomvåg gjekk 25. november frå dør til dør med bøsser for å samle inn pengar til Stefanusbarna sitt arbeid i Egypt. Pengane går til hjelpearbeid i den såkalla "Søppelbyen" i Kairo, der mange familiar lever under vanskelege kår.

Publisert:

Konfirmantar samla inn til Stefanusbarna

For konfirmantane vart innsamlingsaksjonen meir enn berre ei pengeinnsamling. Dei møtte mange menneske som gjerne ville bidra til arbeidet, men òg nokre som meinte at det ikkje var nødvendig å gi til andre. Fleire av ungdomane opplevde at innsamlingsrunden gav verdifulle erfaringar og innblikk i kor ulikt folk tenkjer om nestekjærleik og ansvar for medmenneske.

Samtidig vart møta ved dørene ein påminnar om at mange menneske saknar nokon å snakke med. Nokre inviterte konfirmantane til ein prat og delte litt av kvardagen sin. Slik vart innsamlingsaksjonen òg ei oppleving av fellesskap, både for dei som gav og for dei som fekk besøk.

Til saman samla konfirmantane inn over 40 000 kr denne kvelden! Takk til alle som var med å gi, og takk til dei flotte konfirmantane våre.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"