Musikalsk helg med innspeling og konsert

Helga 10.–11. april vart ei heilt spesiell markering i Hjelme kyrje, der musikk, dikt og historie smelta saman til ei varm og minneverdig oppleving.

Publisert:

Musikalsk helg med innspeling og konsert

Fredag 10. april spelte Kor i Øygarden inn to songar knytte til jubileet for Hjelme gamle kyrkje: «Hjelme gamle kyrkje» og «Vise til Hjelme gamle kyrkje». Desse innspelingane skal etter planen gjevast ut på både YouTube og Spotify, slik at endå fleire kan få glede av musikken og historia dei formidlar.

Laurdag 11. april inviterte koret til konsert og diktlesing i Hjelme kyrkje. Frammøtet var godt, og publikum fylte kyrkjerommet med både nærvær og varme. Tilbakemeldingane i etterkant vitnar om ei fin oppleving for mange av dei som var til stades.

Konserten baud på eit variert repertoar, der dei to nyinnspelte songane naturleg nok stod sentralt. Koret vart leia av dirigent Marthe Melheim, med Øystein Steinsland ved pianoet. I tillegg fekk publikum høyre dikt framførte av Geir Barsnes. 

Inntektene frå konserten går til å finansiere innspelinga av songane, og støtta frå publikum var med på å gjere dette mogleg.

Koret sit att med ei djup kjensle av takksemd etter helga: Å få dele musikken i eit slikt rom, i ei stemning prega av stillheit, nærleik og ekte respons, vart ei oppleving utanom det vanlege. For både utøvarar og publikum vart dette ein kveld som vil bli hugsa lenge.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"